Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familien

No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet marknadskommunikasjon å gjere.

Oppgåver

  1. Kva blir meint med influensarmarknadsføring, og korleis kan influensarmarknadsføring knytast til denne filmen?
  2. Drøft påstanden «det er fleire etiske utfordringar med influensearmarknadsføring».
  3. Forklar AIDAS-modellen, og nytt døme frå filmen.
  4. Vi kan skilje mellom personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. Gjer greie for korleis hovudpersonane i filmen nyttar såkalla personleg kommunikasjon for å påverke.
  5. Vurder fordeler og ulemper ved personleg kommunikasjon i marknadsføringssamanheng, og nytt døme frå filmen.
  6. Nytt eit døme frå filmen og gjer greie for Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»
  7. Kva blir meint med at filmen problematiserer ein type skjult marknadsføring?
  8. Drøft påstanden «det er som regel tydeleg at det er snakk om innhald som er kjøpt og betalt på ulike bloggar og sosiale medium».
  9. Tenk over: Har du nokon gong blitt påverka av andre til å kjøpe noko? Er du overraska over at den tilsynelatande perfekte familien hadde så sterk påverknadskraft på personar i filmen? Kvifor/kvifor ikkje?
  10. Familien Jones er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining som består av fire profesjonelle influensarar. Jobben deira er å selje produkt gjennom å verke rike, vakre og vellykka. Skriv eit refleksjonsnotat om filmen.

Relatert innhald

Utsnitt frå filmen Den perfekte familien. Foto.

Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa forbrukaråtferd og segmentering og målgruppeval. Sjå desse relaterte artiklane:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon