Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføring i det skjulte

Filmen Den perfekte familien problematiserer skjult marknadsføring. Mottakarane trur dei ser livet og vanane til ekte menneske, og forstår ikkje at det dreier seg om reklame.
Ein mann og ei kvinne står tett saman og har blikket retta mot det same punktet – ryggen til ein mann som står framfor dei. Foto.

Om filmen Den perfekte familien

Steve og Kate Jones verkar som eit perfekt ektepar. Dei er vakre og velkledde, har eit stort herskapshus og pengar til å kjøpe alt dei måtte drøyme om.

Ekteparet blir med det same lagde merke til av nysgjerrige naboar då dei flyttar inn i eit velståande villaområde. Dei to tenåringsbarna til paret, som representerer alt som er kult og trendy, blir òg raskt populære på den nye skulen.

Det tek ikkje lang tid før naboar, vener og nye kjenningar byrjar å kjøpe dei same tinga som trendsetjarfamilien.

Profesjonelle påverkarar

Ganske tidleg i filmen kjem det fram at noko ikkje er heilt som det ser ut til med familien Jones. Dette er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining beståande av fire profesjonelle påverkarar. Jobben deira er å selje produkt gjennom å verke rike, vakre og vellykka.

Filmen problematiserer ein type skjult marknadsføring der mottakaren ikkje forstår at det dreier seg om reklame, men trur at det dei ser, er livet og vanane til ekte menneske. Det kan trekkjast parallellar mellom tematikken i filmen og korleis såkalla "influensarar" reklamerer for ulike produkt på bloggar og sosiale medium, utan at det alltid er tydeleg for publikum at det dreier seg om reklame.

Du kan sjå filmen nedanfor.

Produktplassering

Produktplassering er ei form for skjult reklame der eit selskap betaler for at produktet deira blir vist i eitt eller fleire medium.

James Bond-filmane var tidleg ute med produktplassering. Kjende merkevarer har heilt sidan den første Bond-filmen i 1962 dukka opp i handlinga – mot betaling.

Ein mann i dress og slips står og skodar alvorleg mot noko i bakkant av kamera. Armbandsuret hans er synleg, sjølv om han har handa i lomma. Til høgre i biletet er det parkert ein grå bil med utanlandske kjennemerke. Landskapet i bakgrunnen har kort, brun vegetasjon og er tåkelagt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Skildring av ei scene i James Bond-filmen Skyfall

James Bond listar seg bortover den mørke gongen, trekkjer sin Walther PPK-pistol, og når kamera skiftar vinkel i det han smyg seg gjennom den halvopne døra, er det første vi får sjå, armbandsuret hans – av merket Omega. Like etter skjønner helten vår at skurken har flykta, og han spring ut i gata, der agent Moneypenny ventar i ein Land Rover.

Dei startar straks jakta på den Audi-køyrande slemmingen, og etter nokre fartsfylte minutt gjennom Istanbul held jakta fram til fots på taket av eit tog. Superagenten klatrar frå godsvogn til godsvogn, over og forbi anleggsmaskiner av merket Caterpillar, og i det PPK-en går tom for kuler, ser han inga anna moglegheit enn å starte opp ein av desse Cat-ane. Han tek eit fast grep rundt girspaken og ser på Omega-klokka si igjen før han resolutt køyrer over eit parti med Volkswagen-bobler på veg mot skurken.

På øyret har han hovudsentralen i London, der alle bruker Sony-datamaskiner og ulike typar Sony-utstyr. Gløymde vi å nemne at han sjølvsagt heile tida er ulasteleg kledd – i ein Tom Ford-designa dress?

Morgan Spurlock utforskar produktplassering

I 2011 laga Morgan Spurlock, som er avbilda nedanfor, ein dokumentarfilm ved namn The Greatest Movie Ever Sold. Filmen handlar om reklame og produktplassering i filmindustrien, og at filmregissør Morgan Spurlock på ein humoristisk måte prøver å skaffe sponsorar til filmen. Filmen er finansiert utelukkande med nettopp produktplassering og reklame.

Person som stirrar inn i kamera med eit alvorleg blikk og med armane i kors. Han har på seg ein grå dress påsydd mange logoar og merkevarenamn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen, Axel Sandberg og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon