Korleis ser skjelettet ut?
Gå saman i grupper på tre eller fire elevar. Til denne oppgåva treng de gråpapir i storleiken 2 x 1 meter og pennar/tusjar i ulike fargar.
Legg gråpapiret på golvet. Ein av gruppemedlemmene legg seg på arket, og deretter teiknar dei andre eit omriss av kroppen.
Teikn knoklar og ledd inn i omrisset slik at det blir eit skjelett inni kroppen. Set namn på dei ulike knoklane og ledda.
Lag faktaboksar om dei ulike knoklane og ledda på sida av figuren. Heng den ferdige plakaten opp i klasserommet.
Kvifor er det viktig å styrke skjelettet?
Korleis kan de motivere brukarar av helse- og omsorgstenester til ein livsstil som styrker knoklar og ledd?
Relatert innhald
Belastingsskader og ulike plager i muskel- og skjelettsystemet er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær i Noreg i dag.