Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Trening for musklar og skjelett

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene er det viktig å ta vare på di eiga helse og førebyggje sjukdom hos både deg sjølv og brukarane. I denne oppgåva skal du lage ein plan og gjennomføre trening for å styrkje muskel- og skjelettsystemet ditt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Vurder din eigen livsstil, og foreslå aktivitetar som du meiner vil verke positivt på bevegelsesapparatet ditt og helsa di.
  2. Lag eit treningsprogram med øvingar for å styrkje muskel- og skjelettsystemet ditt. Be gjerne kroppsøvingslæraren om råd. Lag ein plan som er realistisk, og som du trur du kan klare å gjennomføre.
  3. Prøv ut planen i nokre veker. Fungerer det? Kvifor? Kvifor ikkje? Juster planen viss det er naudsynt.
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Muskel- og skjelettsystemet