Hopp til innhald

Fagstoff

Rørsleapparatet

Dei fleste menneske tek det som sjølvsagt at dei kan bevege seg. Vi tenkjer ikkje over at det å bevege kroppen føreset at mange faktorar skal verke på rett måte og til rett tid. Og kor ofte har du tenkt over kva omsyn du må ta for at dette skal fungere – både no og i framtida?
To personar utan klede hoppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nervar og musklar i eit lår. Illustrasjon.

Fysioterapeutar og kiropraktorar er fagpersonar som har kompetanse på rørsleapparatet. Som framtidig helsearbeidar skal du arbeide med menneske som treng å vedlikehalde rørsleapparatet sitt. Det er viktig at du har kunnskap om førebyggjande tiltak og om korleis rørsleapparatet verkar, slik at du kan rettleie og motivere.

Du skal òg kunne ta vare på din eigen kropp, slik at du unngår belastingslidingar.

Fakta om rørsleapparatet

  • Musklane skaper rørsle ved å trekkje seg saman.
  • Skjelettet utgjer ramma som musklane er festa i.
  • Skjelettet er sett saman av knoklar som er bundne saman i ledd.
  • Når musklane trekkjer seg saman, beveger knoklane seg.
  • Musklane i rørsleapparatet er for det meste viljestyrte.
  • Nervane overfører signal frå hjernen til musklane.
  • Den beste metoden for å oppretthalde eit godt rørslesapparat er å bevege seg!
  • Riktig kosthald er òg viktig for rørsleapparatet.

Nedsett funksjonsevne i rørsleapparatet kan kome av:

  • Skadar i musklar som gir smerte når ein prøver å bevege muskelen.
  • Smerter i ledd som kan kome av slitasje eller annan mekanisk skade.
  • Stive ledd eller ledd med nedsett evne til rørsle.
  • Skadar i nervesystemet som hindrar korrekt overføring av signal.

Rørsle og utvikling

Evna til å bevege seg utviklar seg gjennom livet. Eit nyfødt barn beveger seg nokså tilfeldig, men etter kvart blir rørslene meir viljestyrte. Det gir oss høve til å utfalde oss, til å kome oss dit vi vil, til å ta del i aktivitetar og til å utføre arbeid.

Kva rørsla har å seie for helsa

Kroppen vår er konstruert for rørsle. Fysisk aktivitet verkar helsefremjande og er ein viktig del av sunn livsstil. Fysisk aktivitet påverkar heile mennesket ved at

  • hjartet og sirkulasjonssystemet verkar betre
  • det førebyggjer overvekt
  • det påverkar fordøyinga
  • det syter for at nervesystemet utviklar seg
  • det påverkar humøret og den psykiske helsa vår
  • det er sosialt og skaper relasjonar mellom menneske

Det er derfor viktig at menneske som har nedsett rørsleevne, får ta del i fysisk aktivitet så mykje som dei greier. Som fagarbeidar skal du arbeide helsefremjande og rettleie ulike brukarar til fysisk aktivitet. Desse brukarane treng fagarbeidarar som har kunnskap om rørsleapparatet og om kor viktig fysisk aktivitet er.

  Stor gruppe personar i fysisk aktivitet på gressplen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ergonomi

Som arbeidstakar i helse-og oppvekstsektoren kjem du til å trenge eit godt rørsleapparat for å utføre jobben din. Samtidig kan jobben skade rørsleapparatet dersom du ikkje passar på. Ergonomi er læra om korleis du tek vare på kroppen din på jobb – korleis du lyftar, går, står og sit når du utfører ulike arbeidsoppgåver.

Kunnskap om ergonomi er ein del av kompetansen til fagarbeidaren. Arbeid med ergonomi går inn i helse-, miljø, og sikkerheitsarbeidet (HMS) på arbeidsplassen.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner vi med omgrepet rørsleapparatet?
  2. Kva organsystem verkar saman i rørsleapparatet?
  3. Diskuter denne påstanden i klassen:
    Fysisk aktivitet er ei av de viktigaste investeringane ein kan gjere i eiga helse.
  4. Kvifor er det viktig at òg menneske som har nedsett rørsleevne er fysisk aktive?

Relatert innhald

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Muskel- og skjelettsystemet