Hopp til innhald

Fagstoff

Musklane

Den viktigaste oppgåva til musklane er å skape rørsle. Rørsle er ein komplisert prosess der at musklar, skjelett og nervesystem verkar saman. Musklane er også avhengige av oksygen og næring, og det er oppgåve til blodet å frakte dette til musklane.
Gut som viser musklane sine for ei jente. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musklane gjer også ein viktig jobb med å produsere varme. Skal kroppen fungere, må vi ha ein konstant kroppstemperatur. Når vi frys, byrjar difor musklane å skjelve for å produsere meir varme.

Skjelettmuskulatur

Musklar som høyrer til rørsleapparatet, kallar vi skjelettmuskulatur. Desse musklane er viljestyrte. Vi kan bestemme oss for å gjere ei rørsle.

Skjelettmusklane er festa til skjelettet med sener. Festepunkta kallar vi utspring og feste. Ein muskel har utspring på den eine sida av leddet og feste på den andre sida. Når vi ønsker å bevege ein muskel, går det signal frå hjernen, gjennom ryggmergen og nervane, til muskelen.

Ein kropp med musklar sett bakfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fordøyingsssystemet frå eterøyret til endetarmen er vist oppå biletet av ein menneskekropp. Illustrasjon.

Glatt muskulatur

Glatt muskulatur finn vi i dei indre organa, til dømes i fordøyingsorgana, i urinblæra og i luftrørsgreinene. Glatt muskulatur er ikkje viljestyrt. Det vil seie at vi ikkje treng å tenke på at magesekken skal elte maten, eller at blodårane i huda skal trekke seg saman dersom vi frys. Glatt muskulatur blir styrt av det autonome nervesystemet, altså det vi ikkje kan styre med viljen. Hormon påverkar også glatt muskulatur.

Hjartemuskulatur

Eit gjennomskåre hjarte. Illustrasjon.

Hjartemuskulatur har vi berre i hjartet. Det spesielle med denne muskelen er at han kan lage og sende elektriske impulsar. Det gjer at hjartet kan slå utan å få signal frå nervesystemet. Signala oppstår i eit punkt som blir kalla sinusknuten. Dersom dette systemet av signal sviktar, kan ein operere inn ein pacemaker som gir signal til hjartet. Hjartet blir også påverka av det autonome nervesystemet og av hormon. Til dømes får stress hormonet adrenalin hjartet til å slå fortare, og det kan vi registrere ved at pulsen aukar.

Viljestyrt eller ikkje viljestyrt – kva er ein refleks?

Med viljestyrt muskulatur meiner vi dei musklane som vi kan bestemme oss for å bevege. Skjelettmuskulaturen er viljestyrt, og det vil seie at vi vanlegvis har kontroll over rørslene våre. Når vi går, smiler eller stryk nokon over kinnet, er det viljestyrte rørsler.

Den viljestyrte muskulaturen kan også jobbe utan at vi greier å styre han. Dersom du brenn deg på fingeren, trekker musklane handa unna varmekjelda utan at du rekk å vilje det. Dette blir kalla ein refleks. Krampar og spasmar er andre døme på at skjelettmuskulaturen "jobbar" på eiga hand. Somme sjukdommar og skadar uroar også den kontrollen nervesystemet har over musklane.

Vil du vite meir om refleksar?

Refleksar er ufrivillige samantrekningar i den viljestyrte muskulaturen. Refleksen tek til ved at eit av sanseorgana våre reagerer og sender ein beskjed til musklane om å trekke seg saman. Dette signalet går ikkje via hjernen, og dermed sparer kroppen tid. Vi treng altså ikkje å tenke over om vi skal reagerer eller ikkje. Døme på refleksar er når

  • det nyfødde barnet startar sugerørsler fordi nokon rører ved kinnet
  • handa di blir rykka bort heilt av seg sjølv når du brenn deg på fingeren
  • du blunkar fordi auget brått blir utsett for eit skarpt lysglimt

Refleksar er automatiserte rørsler som hjelper oss til å overleve. Barnet må suge for å få i seg mat, og når handa di trekker seg fort unna varmen, reduserer det skaden på fingeren. Vi kan også øve inn refleksar. Det ser du i filmen.

Som fagarbeidar må du vere merksam på at sjukdom i visse tilfelle kan svekke refleksane.

Lær meir om skjelettmuskulaturen

Vi skil mellom bøyemusklar og strekkemusklar. Når ein bøyemuskel trekker seg saman, blir leddet mellom utspring og feste bøygt. På motsett side av leddet sit ein strekkemuskel. Når han trekker seg saman, blir leddet strekt ut. Døme på slike musklar finn du på framsida og baksida av overarmen – biceps og triceps – og i låra.

Skjelettmuskulatur blir også kalla tverrstripa muskulatur. Det er fordi muskelfibrane ligg slik at de ser stripete ut i et mikroskop.

Dersom vi ser på glatt muskulatur i mikroskop, ser vi ikkje slike tverrstriper.

Lær meir om muskelarbeid, styrke og kosthald

Muskelmasse

Musklane er bygde opp av protein. Idrettsutøvarar som skal bygge opp muskelmasse, et difor mykje protein. Eit proteinrikt kosthald aukar derimot ikkje muskelmasse i seg sjølv. Skal kroppen bygge opp muskelmasse, må vi bruke musklane. Kroppen er eit finstilt instrument. Dersom musklane blir brukte, "svarer" dei ved å produsere meir muskelmasse. Ved låg fysisk aktivitet taper vi muskelmasse. Både barn, ungdom, vaksne og eldre må vere i aktivitet for å halde kroppsmuskulaturen ved like.

Muskelarbeid

Skal muskelen kunne arbeide, trenger han energi. Denne energien får han frå forbrenninga. Til forbrenninga treng muskelen næringsstoff og oksygen, som blir førte til muskelcellene med blodet. Forbrenninga går føre seg i mitokondria i cellene.

Dersom muskelen får for lite oksygen, arbeider han dårlegare, og det blir danna mjølkesyre. Vi seier om idrettsutøvarar at dei blir stive. Då er muskelen full av mjølkesyre.

Ein person som er sterk, kan lyfte mykje og gå lenge. Ein viss muskelstyrke er også bra for å unngå slitasjeskadar som oppstår når du er på jobb.

Hugsar du?

  • Kva matvarer inneheld mykje protein?
  • Kva matvarer gir energi?
  • Muskelarbeid krev også at skjelettet er sterkt. Skjelettet treng mineral, særleg kalsium. Kva matvarer inneheld mykje kalsium?

Utfordringar til deg

  1. Kva typar muskelvev har vi?
  2. Kvifor blir skjelettmuskulaturen kalla tverrstripa muskulatur?
  3. Korleis er musklane festa til skjelettet?
  4. Bruk internett eller andre kjelder og finn svar på desse spørsmåla:

    1. Kor mange musklar er det i menneskekroppen?
    2. Kva muskel er den største i kroppen?
    3. Kor mange musklar bruker vi når vi smiler?
  5. Kvar i cella går forbrenninga føre seg?

  6. Kvar blir protein bygde opp?

  7. Kva må til for at kroppen skal bygge opp muskelmasse?
CC BY-NC-SASkrive av Wenche Heir, Trine Merethe Paulsen, Agnes Brønstad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Muskel- og skjelettsystemet