Hopp til innhald

Fagstoff

Førebygging av belastingslidingar

Belastingsskadar og belastingslidingar er omgrep som blir nytta om helseplager som kjem av for stor eller feil belasting over tid. Når ein skal drive førebyggjande arbeid på arbeidsplassen knytt til muskel- og skjelettsystemet, snakkar ein ofte om både skadar, plager og lidingar.
To personar som trener på treningssenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Belastingslidingar

Belastingslidingar kan gi ubehag og smerter og føre til redusert livskvalitet. Dei kan vere både fysiske og psykiske og kan gi symptom som smerter i ledd og musklar, hovudpine og utmatting. Desse utfordringane er plager og lidingar som god HMS i den enkelte bedrifta skal redusere eller hindre.

Yrkesskade

Yrkesskadar er skadar som oppstår akutt, til dømes ved ulykke, brann eller feil ved ei maskin. Det kan også oppstå viss ein arbeidstakar er utsett for kjemikaliar eller feil på utstyr over tid. Slike skadar kan bli rekna som yrkesskade og kan gi yrkesskadeerstatning.

Kva kan belastingslidingar føre til?

Belastingslidingar er eit samfunnsproblem og fører til høgt sjukefråvær. Faktorar som stress, feil arbeidsstilling, manglande hjelpemiddel og høgt tempo finst i mange yrke. Saman med manglande kunnskap om ergonomi og førebyggjande helsearbeid kan det føre til smerter og plagar som gjer det vanskeleg å fullføre arbeidsdagen.

Belastingslidingar kan også oppstå ved feil bruk av PC heime, ved feil trening eller høgt stressnivå i familien. Det kan vere eit samansett problem som er enkelt å løyse, eller ein kan trenge hjelp av til dømes ein fysioterapeut, ergoterapeut eller andre yrkesgrupper for å finne årsaka til kvifor ein får plagar i musklar og skjelett.

Som fagarbeidar er det viktig å ha kunnskap om dette:

  • Korleis kan eg ta vare på min eigen kropp når eg er på jobb?
  • Korleis kan eg bidra til å førebyggje belastingslidingar til dømes på jobb i barnehage, i ambulansetenesta eller på sjukeheim?
  • Kva inneber det for ein arbeidsgivar å førebyggje belastingslidingar?
  • Kva utfordringar oppstår når ein arbeidstakar har vondt i musklar eller skjelett?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 20.01.2020

Læringsressursar

Ergonomi