Hopp til innhald

Fagstoff

Vitamin A

Vitamin A blir lagra i levra, der det blir frigjort etter behov. Dersom tilførselen er jamn og rikeleg, kan lageret bli så stort at det dekkjer behovet i månader eller år framover.
To ferske makrellar på ein stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vitamin A er ei samlenemning på fleire liknande stoff som vi treng for å

  • bevare eit normalt godt syn (særleg mørkesyn)
  • sikre normal vekst og beindanning
  • halde ved like hud og slimhinner
  • ha motstandskraft mot infeksjonar
  • danne hormon

Mangel og forgifting

Mangel på vitamin A merkar ein i første rekkje ved at ein blir nattblind – at ein ser dårleg i tussmørke og lett blir blenda av sterkt lys. Eit anna teikn er stadige forkjølingar og infeksjonssjukdommar. Mangel på vitamin A er sjeldan i Noreg, men er utbreidd blant barn i utviklingsland.

For store dosar med vitamin A kan føre til forgifting. Symptoma er at vi blir slappe, får hovudverk og kastar opp, og at huda blir tørr og flassar av. For å unngå overdose av vitamin A bør vi ikkje ta kosttilskot som inneheld vitamin A, samtidig som vi tek tran eller multivitamin.

Gode kjelder til vitamin A

Feitthaldige meieriprodukt, feit fisk, egg og lever frå alle typar dyr inneheld mykje vitamin A. Dessutan blir karoten, som finst i grønsaker med sterke fargar (til dømes gulrøter, grønkål, brokkoli, paprika, salat og spinat), gjort om til vitamin A i kroppen. Ei teskei tran dagleg gir nok vitamin A for alle aldersgrupper.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Næringsstoffa i maten