Hopp til innhald

Fagstoff

Vatn

Vatn er det næringsstoffet det finst mest av i kroppen. Kroppen treng dagleg tilførsel av vatn. Hos ein vaksen er behovet to–tre liter.
Krøllete hår, stor flaske, grønn t-skjorte.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Væskebalansen

Mellom 50 og 75 prosent av kroppen vår består av vatn. Kroppen mistar væske via urin, avføring, hud og lunger. Vi kan ikkje lagre vatn, og kroppen må derfor ha dagleg tilførsel av vatn for å erstatte væsketap.

Vi nyttar uttrykket væskebehov, sidan vatn finst i ulike matvarer og drikkar. Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten, og vatn inngår i svært mange av funksjonane i kroppen, til dømes transport, fordøying og temperaturregulering.

Væskebehovet varierer med fysisk aktivitet, klima, kroppsstorleik og helsetilstand. Ved store væsketap som ved diaré, oppkast og sterk sveitte aukar væskebehovet.

Væskebehovet blir først og fremst dekt gjennom mat og drikke, og maten bidreg med om lag halvparten av væsketilførselen.

Tommelfingerregel:

Under normale omstende treng vi 30 ml per kilo kroppsvekt per døgn for å dekkje det gjennomsnittlege væskebehovet og halde væskebalansen ved lag. Til dømes treng ein mann på 75 kilo minimum 2250 ml i døgnet.

Vatn som tørstedrikk

I kostråda blir det tilrådd at vi vel vatn som tørstedrikk. Vanleg vatn dekkjer væskebehovet utan å bidra med unødvendige kaloriar og er derfor den aller beste drikken når du er tørst.

Kjelde

Helsedirektoratet. (2012). Kosthandboka – rettleier i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstenesta. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/kosthandboken/

Relatert innhald

E-førelesing om vatn: Vatnet i kroppen er hovudsakleg lagra inne i cellene, men det er også mykje vatn mellom cellene, i blodet og i hjernevæska.

CC BY-NC-SASkrive av Asle Holthe, Unni Kulhuset Granheim og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 01.01.2024

Læringsressursar

Næringsstoffa i maten