Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Næringsutrekning

I denne oppgåva lærer du å rekne ut kor mange kJ eller kcal det er i ulike matvarer, og du skal òg få ei betre forståing av forholdet mellom inntak av kaloriar og behov.
Eit stykke sjokoladekake. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåvene

I oppgåve 1 skal du rekne ut energimengda i eit stykke sjokoladekake med glasur, som veg 80 gram.

I oppgåve 2 skal du rekne ut energiprosenten for éin dag av protein, feitt og karbohydrat.

Oppgåve 1 – næringsutrekning av eit kakestykke

1 stykke sjokoladekake inneheld

  • 49 gram karbohydrat
  • 3,3 gram protein
  • 8,4 gram feitt

a) Kor stor energimengde målt i kcal kjem frå karbohydrat, frå protein og frå feitt? Sjå oversikta over energiinnhald i næringsstoffa nedst på sida.

Løysing

Energimengdene er

49 g·4 kcal/g=196 kcal frå karbohydrat

3,3 g·4 kcal/g=13,2 kcal frå protein

8,4 g·9 kcal/g=75,6 kcal frå feitt

b) Kor stor energimengde målt i kcal er det totalt i kakestykket?

Løysing

Totalt blir dette

196 kcal+13,2 kcal+75,6 kcal=285 kcal

c) Kva blir den totale energimengda målt i kJ?

Løysing

Vi bruker at 1 kcal svarer til 4,184 kJ. Det betyr at vi har 4,184 kJ/kcal.

Den totale energimengda målt i kJ blir

285 kcal·4,184 kJ/kcal=1 192 kJ

d) Rekn ut energiprosentane for dei tre næringsstoffa.

Løysing

Energiprosentane blir

196 kcal285 kcal·100 E%=68,8 E% for karbohydrat

13,2 kcal285 kcal·100 E%=4,6 E% for protein

100 E%-68,8 E%-4,6 E%=26,6 E% for feitt

Merk at vi òg kunne rekna ut energiprosenten frå feitt på same måte som vi gjorde med karbohydrat og protein.

e) Løys oppgåvene a)–d) med CAS.

Løysing
CAS-utrekning med GeoGebra. På linje nummer 1 er det skrive 49 g multiplisert med 4 kcal delt på g. Svaret med tilnærming er 196 kcal. På linje nummer 2 er det skrive 3,3 g multiplisert med 4 kcal delt på g. Svaret med tilnærming er 13,2 kcal. På linje nummer 3 er det skrive 8,4 g multiplisert med 9 kcal delt på g. Svaret med tilnærming er 75,6 kcal. På linje nummer 4 er det skrive dollarteikn 1 pluss dollarteikn 2 pluss dollarteikn 3. Svaret med tilnærming er 284,8 kcal. På linje nummer 5 er det skrive dollarteikn 4 multiplisert med 4,184 kJ delt på kcal. Svaret med tilnærming er 1191,6 kJ. På linje nummer 6 er det skrive sløyfeparentes dollarteikn 1 komma, dollarteikn 2 komma, dollarteikn 3 sløyfeparentes slutt delt på dollarteikn 4 multiplisert med 100 Eprosent. Svaret med tilnærming er sløyfeparentes 68,82 Eprosent komma, 4,63 Eprosent komma, 26,54 Eprosent sløyfeparentes slutt. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommentarar:

Merk at vi bruker dollarteikn pluss linjenummer for å referere til svaret på ei linje i staden for å skrive inn sjølve talet. På siste linje har vi slått saman tre utrekningar ved å skrive dei tre tala for energiinnhald i ei liste ved hjelp av sløyfeparentesar. Alle dei tre tala skal delast på svaret i linje 4 og multipliserast med 100. Vi har òg teke med måleiningane i utrekningane.

f) Lag eit sektordiagram som viser fordelinga av energiprosentane for kakestykket. Lag eit tilsvarande sektordiagram som viser den gjennomsnittlege fordelinga mellom næringsstoffa, som er 50 energiprosent karbohydrat, 35 energiprosent feitt og 15 energiprosent protein. Samanlikn dei to diagramma.

Løysing
Sektordiagram for energiprosent i kakestykke der karbohydrat dekkjer 68,8 energiprosent, feitt dekkjer 26,6 energiprosent og protein dekkjer 4,6 energiprosent. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Sektordiagram for gjennomsnittleg bidrag til energiprosent der karbohydrat dekkjer 50 energiprosent, feitt dekkjer 35 energiprosent og protein dekkjer 15 energiprosent. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss vi samanliknar dei to diagramma, ser vi at i forhold til den gjennomsnittlege fordelinga av energiprosent er det for mye karbohydrat i kakestykket og for lite av både protein og feitt. Viss ein person et eit slikt kakestykke, bør resten av maten den dagen vere mat som i alle fall har ein større energiprosent protein.

Oppgåve 2 – næringsutrekning for éin dag

Frukost som består av frukt, brødskiver med pålegg og mjølk. Foto.

a) Det blir tilrådd at ei jente mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg cirka 9 600 kJ kvar dag. Viss Kari på 16 år et 96 gram protein på éin dag, kor mange energiprosent av anbefalt mengde svarer dette til?

Løysing

Vi reknar først ut energimengda i kJ. (Vi reknar i kJ fordi det anbefalte energibehovet til Kari er oppgitt i kJ.)

96 g·17 kJ/g=1 632 kJ

Dette svarer til

1 632 kJ9 600 kJ·100 E%=17 E%

b) Det blir tilrådd at ein gut mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg cirka 12 300 kJ kvar dag. Viss Kristian på 16 år et 127 gram protein og 132 gram feitt på éin dag, kor mange energiprosent protein og kor mange energiprosent feitt av anbefalt mengde svarer dette til?

Løysing

Energimengde frå protein:

127 g·17 kJ/g=2 159 kJ

Energiprosent frå protein:

2 159 kJ12 300 kJ·100 E%=17,6 E%

Energimengde frå feitt:

132 g·37 kJ/g=4 884 kJ

Energiprosent frå feitt:

4 884 kJ12 300 kJ·100 E%=39,7 E%

c) Vi set anbefalte energiprosent til 15 energiprosent protein og 25 energiprosent feitt. Viss du reknar med anbefalt mengde dagleg energi, får Kristian i seg for mykje, for lite eller akkurat passe mengde av protein og feitt? Kor mange gram protein og feitt bør han ete for å dekkje anbefalt dagleg inntak av næringsstoff?

Løysing

Samanlikna med tilrådingane er inntaket av protein omtrent passe. Energiprosenten frå feitt er for høg.

For å finne ut kor mange kJ energi frå feitt som er tilrådd for Kristian, kan vi gå "vegen om 1". 12 300 kJ svarer til 100 prosent. Vi finn 1 prosent ved å dele på 100 og 25 prosent ved å multiplisere med 25. Anbefalt energimengde frå feitt blir

12 300 kJ100·25=3 075 kJ

Dette svarer til ei feittmengde på

3 075 kJ37 kJ/g=83 g

Så mykje energi gir dei ulike næringsstoffa:

  • 1 g feitt svarer til 37 kJ = 9 kcal
  • 1 g protein svarer til 17 kJ = 4 kcal
  • 1 g karbohydrat svarer til 17 kJ = 4 kcal

Omrekning mellom kcal og kJ:

  • 1 kJ svarer til 0,239 kcal

  • 1 kcal svarer til 4,184 kJ

Relatert innhald

CC BY-NC-NDSkrive av Matportalen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2021

Læringsressursar

Næringsstoffa i maten