Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Feittstoff

Sjå gjennom filmen og svar på spørsmåla som høyrer til. Filmen handlar om ulike typar feitt, kva slags feitt som er sunt, og i kva matvarer vi finn dei ulike typane.
Video: Snøball film AS / CC BY-NC-ND 4.0

Spørsmål

  1. Kva for type feitt er sunnast?
  2. Feitt er bygd opp av glyserol og tre feittsyrer. Det er bindingane i feittsyrene som avgjer om det er metta, umetta eller fleirumetta feitt. Forklar forskjellen på dei tre typane feittsyrer, og lag enkle skisser.
  3. Skriv eit kort innlegg der du beskriv kva slags type feitt kosthaldet bør innehalde. Bruk fakta frå filmen i innlegget.
  4. Beskriv kva som har skjedd når feitt har harskna.

Praktisk oppgåve

Gå på kjøkkenet og finn ulike matvarer som inneheld mykje feitt. Sorter varene i gruppene metta, umetta eller fleirumetta feitt etter kva feittsyrer dei inneheld mest av.

Forklar omgrepa:

  • smaksforsterkar
  • metta feitt
  • einumetta feitt
  • fleirumetta feitt
  • tillaga kjøttprodukt
  • magert
  • margarin
  • animalsk feitt
  • vegetabilsk feitt
  • harskne