Hopp til innhald

Fagstoff

Vitamin

Ordet vitamin kjem av «vita», som betyr liv, og «amin», som er ei kjemisk nemning på organiske stoff som inneheld nitrogen. Det er likevel berre enkelte B-vitamin som inneheld nitrogen.
Fargerike bitar av grønsaker, frukt og bær på eit rundt fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin som er livsnaudsynte for oss menneske, men vi treng berre ørsmå mengder av dei – frå nokre tusendels gram til nokre titals milligram. Vitamin er svært ulike. Dei har ulik kjemisk oppbygging, og dei har heilt ulike oppgåver i kroppen.

To grupper vitamin

Vi deler vanlegvis vitamin inn i desse to gruppene:

  • vassløyselege vitamin (B-vitamin og vitamin C)
  • feittløyselege vitamin (vitamin A, D, E og K)

Når vi veit om eit vitamin er feittløyseleg eller vassløyseleg, kan det òg fortelje oss noko om

  • matvarene vi finn vitaminet i
  • korleis vitaminet blir absorbert av kroppen
  • korleis vi bør lage maten for å ta best mogleg vare på vitamina

Dei vassløyselege vitamina

  • blir lettare øydelagde ved tillaging enn dei feittløyselege
  • blir ikkje lagra i kroppen og må derfor tilførast dagleg
  • må trekkjast ut av blodet når det er behov for dei
  • forlèt kroppen via urinen dersom dei ikkje blir nytta innan kort tid, så faren for overdose og forgifting er derfor liten

Dei feittløyselege vitamina

Dei feittløyselege vitamina blir lagra i levra og i feittvevet over lengre tid.

Lenkjer til artiklar om vitamin

Vassløyselege vitamin:

Vitamin B

Vitamin C

Feittløyselege vitamin:

Vitamin A

Vitamin D

Vitamin E

Vitamin K

Hugselappen

  • Eit variert kosthald basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet vil gi deg mykje vitamin.
  • Tilskot er naudsynt for nokre grupper, som gravide, sjuke, barn og eldre.
  • Ein lege kan tilrå ekstra inntak utover eit variert kosthald og ein sunn livsstil.
CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre og Øyvind Bønes.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Næringsstoffa i maten