Hopp til innhald

Fagstoff

Mineral og sporstoff

Sjølv om dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta vår (om lag 4 %), er dei svært viktige. Minerala er nødvendige for mange prosessar i kroppen vår, men dei blir ikkje forbrende.
Ulike typar salt, saltbøsser og saltskeier på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mineral

I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggjesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er også viktig for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

Vi deler minerala inn i to hovudgrupper:

  • Mineral – som vi treng relativt mykje av, og som fungerer som byggjesteinar i kroppen. Eksempel på slike mineral er kalsium og fosfor.
  • Sporstoff – som kroppen berre treng ørsmå mengder av. Sink, selen og krom er eksempel på sporstoff.

Kalsium

Kalsium er heilt nødvendig

  • for oppbygging av skjelettet og tennene
  • for at musklane skal kunne trekkje seg saman
  • for overføring av impulsar frå nervetrådar
  • for at blodet skal koagulere

Kalsium er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen (om lag 1000 gram hos ei vaksen kvinne og om lag 1200 gram hos ein vaksen mann). Hos eit nyfødt barn består skjelettet av knapt 30 gram kalsium. Mjølk og ost er særleg rike kjelder til kalsium. I det norske kosthaldet kjem om lag 80 % av det totale kalsiuminnhaldet i kosten frå mjølk og meieriprodukt.

Melk, fløte, smør og ulike typar ost på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lettmjølk og skumma mjølk inneheld like mykje kalsium som heilmjølk, og magre ostar gir litt meir kalsium enn feite ostar. Dei aller fleste matvarene inneheld noko kalsium, men det kan vere vanskeleg å dekkje behovet utan mjølk. 1⁄2 liter mjølk pr dag (2-3 glas) dekkjer nesten heile det tilrådde inntaket for barn og vaksne menn, mens 3⁄4 liter (3-4 glas) må til for ungdom og vaksne kvinner. 60 gram gulost (rundt 6 osteskiver med høvel) kan heilt eller delvis erstatte mjølka for barn og vaksne.

Dei fleste brukar ein kombinasjon av mjølk og ost til å dekkje kalsiumbehovet sitt. D-vitamin er viktig for at kroppen skal suge opp kalsium.

Natrium

Natrium er nødvendig

  • for å oppretthalde ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av celleveggene, og er derfor nødvendig for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene
  • for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt
  • for å regulere pH-balansen i kroppen

Mangel på natrium er svært uvanleg i Noreg. Nesten alle matvarer inneheld noko natriumklorid, men det er mest i dei matvarene som smakar salt. Vaksne menneske treng berre 1–2 gram, og overskotet blir skilt ut i urinen. Sveitte inneheld også noko salt, så når vi sveittar mykje, treng vi meir salt enn vanleg.

Eit høgt saltinntak kan vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk. Auka blodtrykk over tid vil kunne føre til hjartesvikt og væskeoppsamling i kroppen.

Sporstoff

Sporstoff er nemninga på 92 grunnstoff som til saman utgjer mindre enn ein titusendel av kroppsvekta. Fleire av sporstoffa er livsnødvendige, det vi seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død.

Sporstoffa blir òg delte inn i to grupper:

  • Dei livsnødvendige – som jern, sink og jod.
  • Dei giftige – som bly og kadmium.

Både dei giftige og dei nødvendige sporstoffa har ein tendens til å hope seg opp i feittet og beinstrukturen. Det er vanskeleg å studere effekten av mangel på eller tilskot av sporstoff, for alle stoffa fungerer saman med kvarandre, eller i konkurranse med kvarandre. Tilskot av eitt enkelt sporstoff vil derfor automatisk endre konsentrasjonen av fleire andre.

Ei mengd ulike råvarar av frukt, grønt, kjøtt, fisk, melk, egg og kornprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jern

Jern er heilt nødvendig fordi det både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som er nødvendige i energiomsetninga. Jernbehovet varierer frå person til person. Vi mistar jern når kroppen støyter bort døde celler frå huda, slimhinnene og fordøyingskanalen. I tillegg taper vi jern ved blødingar, så kvinner mistar ein del jern under menstruasjonen.

Sink

Sinker viktig for immunsystemet, det inngår i insulin, det aktiverer enkelte enzym, og det bidreg til at sår gror. Mangel på sink er sjeldan i Noreg, men det kan skje ved langvarig slanking eller hos eldre som et lite. Den alvorlegaste konsekvensen er nedsett vekst og utvikling. Gode kjelder er kjøt (særleg oksekjøt), fisk, mjølk, ost, kornvarer og poteter.

Jod

Kvinne med struma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jod er viktig for å halde eit normalt stoffskifte ved lag ettersom det medverkar til å danne hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen. Behovet for jodion er svært lite. Dei finst i fisk og fiskeprodukt frå havet, i salt som er tilsett jod, og dessutan i grønsaker og korn som er dyrka ved kysten. Mjølk og ost frå kyr som har beita ved kysten, inneheld også jodion. Mangel på jodion er sjeldan i Noreg i dag, men i delar av den tredje verda er mangelen stor. Ved mangel på jod veks skjoldbruskkjertelen og lagar ei heving framme på halsen. Dette kallar vi struma.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes, Øyvind Høie og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

Næringsstoffa i maten