Næringsstoff
Vi kan dele næringsstoffa i maten i to hovudgrupper:
- Dei energigivande næringsstoffa:
- I denne gruppa inngår karbohydrat, feitt og protein.
- Dei ikkje-energigivande næringsstoffa:
- I denne gruppa inngår vitamin, mineral, sporstoff, vatn og andre aktive stoff.
Næringsstoffa byggjer opp og held ved like kroppen vår, og dei energigivande kan i tillegg omsetjast i kroppen ved forbrenning slik at det blir frigjort energi. Feitt er det næringsstoffet som har høgast energiinnhald, 38 kJ/g. Protein og karbohydrat inneheld derimot berre 17 kJ/g.
Som tabellen under viser, inneheld norsk kosthald ulike kjelder til alle næringsstoffa kroppen treng. I dag er det svært mange som tek kosttilskot i form av vitamin- og mineraltablettar. Dette er ikkje naudsynt dersom du er frisk og har eit variert kosthald. Det einaste unntaket er vitamin D, som det kan vere vanskeleg å få i seg nok av. Helsedirektoratet tilrår derfor at alle tek ei skei tran eller trankapslar kvar dag. Enkelte mjølkedrikkar er tilsette vitamin D og blir tilrådde både til matlaging og til å drikke.
Enkelte kan òg ha behov for jerntilskot. Dette gjeld særleg kvinner i fruktbar alder. Du bør snakke med legen din eller anna helsepersonell før du byrjar med jerntilskot. Kvinner som planlegg graviditet, eller som kan rekne med å bli gravide, bør ta eit dagleg tilskot på 0,4 mg av B-vitaminet folat.
Vi bør ete litt frå alle matvaregruppene for å få eit fullverdig kosthald. Nokre av næringsstoffa må vi ha mykje av, mens av andre er det nok med berre nokre få mikrogram. Alle næringsstoffa utfyller kvarandre for å halde kroppen i form.
Tabellen viser funksjonen og kjeldene til dei ulike næringsstoffa.
Næringsstoff | Funksjon | Kjelder |
---|---|---|
Karbohydrat | Gir energi | Brød, mjøl, poteter, frukt, grønsaker, sukker og sukra matvarer |
Protein | Gir energi. Er byggjemateriale | Kjøtt og fisk, korn og brød, mjølk og ost, egg og belgfrukter |
Umetta feitt | Gir energi | Naudsynte feittsyrer, oljer, feit fisk og kvitt kjøtt |
Metta feitt | Gir energi | Smør, heilmjølk, ost og raudt kjøtt |
Vitamin A | Viktig for auget sin funksjon. Naudsynt for vekst og utvikling | Gulrot og andre grønsaker, margarin og smør, lever og leverpostei |
Vitamin B-gruppa | Inngår i enzym som er naudsynte for nedbryting av karbohydrat, feitt og protein | Grøne grønsaker, brød og kornvarer, mjølk, ost, kjøtt, fisk og egg |
B-vitaminet folat | Reduserer risikoen for nevralrørsdefektar hos foster | Grøne grønsaker, sitrusfrukter, brød og kornvarer |
Vitamin C | Viktig for celler og vev og for opptak av jern | Frukt, bær, grønsaker, poteter |
Vitamin D | Naudsynt for at kroppen skal kunne utnytte kalsium | Sollys, tran, feit fisk, fiskelever, margarin og smør |
Vitamin E | Viktig for celler og vev | Grønsaker, kornvarer og olje |
Vitamin K | Viktig for blodet si evne til å koagulere | Grønsaker |
Kalsium | Viktig for skjelett, tenner, musklar og nervesystem | Alle mjølkeprodukt, grøne grønsaker og nøtter |
Jern | Er ein del av dei raude blodlekamane som fører oksygen til cellene | Brød og korn, kjøtt og innmat, poteter |
Kostfiber | Viktig for fordøyinga | Grønsaker, poteter, brød og kornvarer |
Vatn | Viktig for fordøyinga og transport av næringsstoff i kroppen | Drikkevarer. Dei fleste matvarer inneheld òg mykje vatn |