Vitamin D - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vitamin D

Hovudoppgåva til vitamin D er å sørgje for at tarmen tek opp nok kalsium, og at vi alltid har nok kalsium og fosfat i blodet. Dette er viktig, for det er desse to minerala som gjer skjelettet sterkt og hardt.

Mangel og forgifting

Viss vi får for lite vitamin D, hjelper det ikkje kor mykje kalsium vi et: Tarmen tek ikkje opp nok kalsium. Det fører igjen til at skjelettet får for lite kalsium og mister styrken sin. Viss dette skjer, toler skjelettet mindre, og det skal ikkje så mykje til før vi får brotskadar.

For mykje vitamin D er heller ikkje av det gode. Store dosar kan føre til forgifting med symptom som hovudverk, oppkast og dårleg matlyst. Dersom tilførselen av vitamin D har vore stor over lang tid, kan det dannast forkalkingar i dei indre organa, og spesielt nyrene kan ta skade. Barn er meir utsette for dette enn vaksne.

Kjelder til vitamin D

Det beste er derfor å ikkje ta kunstige tilskot, men heller ete meir feit fisk, tran og margarin med vitamin D, slik at du har nok av vitaminet i kroppen. Vitamin D blir hovudsakleg lagra i feittvevet.

Vitamin D finst i både plante- og dyreriket, men det er berre nokre få matvarer som har eit naturleg innhald av vitamin D. Smør og margarin er tilsett vitamin D, men dei beste naturlege kjeldene er feit fisk, fiskelever, tran, eggeplomme, rogn og leverpostei.

Skrive av Nils H. Fløttre og Øyvind Bønes.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019