Hopp til innhald

Fagstoff

Aktivitet førebyggjer livsstilssjukdommar

Fysisk aktivitet er eit av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje livsstilssjukdommar. I denne filmen møter du ein professor og to helsearbeidarfagelevar som er opptekne av samanhengen mellom aktivitet, helse og trivsel.

Utfordringar til deg

  1. Kva er dei vanlegaste sjukdommane knytte til livsstil og levevanar?
  2. Korleis kan fysisk aktivitet redusere risikoen for desse sjukdommane?
  3. Følg lenkja under til dei nasjonale tilrådingane om kosthald, ernæring og fysisk aktivitet for å finne ut kva som er tilrådd aktivitet for

    1. barn og unge
    2. vaksne og eldre
  4. Korleis ligg du sjølv an ut frå desse tilrådingane?

Relatert innhald

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene er det viktig å ta vare på di eiga helse og førebyggje sjukdom hos både deg sjølv og brukarane.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Aktivitet