Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Tedans – får kinn til å raudne

Tenk deg en salong med små bord og hvite duker. En rykende varm kopp te. Hjemmebakte kaker. Og en likør for den som ønsker. En servitør kommer mot bordet mitt. Hva er det han spør om? Om han kan få danse med meg?
Dame i grå og kvit finkjole heller i te i tekopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tedans er ein engelsk tradisjon som oppstod etter krigen. Kanskje var det et påskot for å få danse på blanke føremiddagen.

De treng:

  • ein ansvarleg
  • tilsette og frivillige
  • ei daglegstove
  • eit musikkanlegg
  • dansemusikk
  • kvite dukar
  • lys
  • pent servise
  • serviettar
  • blomster
  • portvin
  • te

Vi tilrår:

at ein tek mot til seg og droppar kaffi til fordel for berre te og portvin/alkoholfri vin

Kor ofte:

ein gong kvar månad

Kor lenge:

1,5 time

Planlegging:

Planlegg kva laurdagar de vil forandre daglegstova til ein salong for tedans. Tenk gjennom kven de vil invitere. Lag ein personleg invitasjon, og send også ein til pårørande. Skriv gjerne at ein skal vere pent kledd. Eit eigna tidspunkt kan vere frå kl. 12.30 til kl. 14.00. Be nokon om å spele inn ein kassett eller cd med variert dansemusikk.

Har de husøkonom, kan det vere praktisk å bestille kvite dukar, pent servise, serviettar, lys og eventuelt blomster ei tid på førehand. Gløym ikkje portvinen! Kjøkkenet har baka kake, eller de har spurt eit par pårørande eller frivillige om å gjere det. Planlegg når det er best å gjere i stand lokalet, og kven som skal gjere det. Gjer gjerne ein avtale med nokre frivillige om å servere.

Gjennomføring:

På vegner av tedansens venner startar de med å ønskje gjestene velkomne! Set på dansemusikken. By opp til dans. Dans nokre dansar før de dempar musikken og tek ein pause. Etter ein liten halvtime med te og kake er det klart for fleire dansar.

Dette forslaget til aktivitet er henta frå boka «Impulser. Håndbok i kulturarbeid på eldreinstitusjoner». Kirkens Bymisjon i Oslo har gitt ut boka gjennom prosjektet «Leve – ikke bare overleve». NDLA har fått løyve frå Kirkens Bymisjon til å bruke dette dømet frå boka. Boka har elles mange andre varierte forslag til aktivitetar.

Eldre mennesker danser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kirkens Bymisjon.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Aktivitet