Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bowling i korridoren

Bowling i korridoren – gir split, spare eller strike Bowling er eit innandørs kulespel som kan vere eit positivt avbrekk i kvardagen på sjukeheimen. Og alle kan vere med!
Bowlingkjegler og bowlingkule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår

At de tek det som ein leik

De treng:

  • ein korridor
  • skumballar eller mjuke kuler
  • kjegler
  • premiar
  • pastis (anisdrikk)

Kor ofte:

Så ofte de har lyst

Kor lenge:

15–30 minutt

Korleis

Ein korridor med minimal trafikk er sjølvsagt det beste. Litt gjennomgangstrafikk gir likevel mykje humør.
Finn difor ein bit av ein korridor, ein vestibyle eller eit anna eigna areal der det er mogleg å vise omsyn samtidig som spelet kan gå sin gang.

Det er sjølvsagt hyggjeleg å spele kulespel som petanque og boccia. Petanque og boccia eignar seg nok best til å spele på gras/sand sidan kulene blir ustyrlege på hardt underlag. Men prøv med mjuke kuler/risposar.

Bowling er derimot det perfekte spelet for korridoren. Set opp ti kjegler i fire rekkjer (éi kjegle i første rekkje, to i andre, tre i tredje og fire i fjerde rekkje). Også i bowling er det ein fordel å bruke skumballar eller kuler som ikkje er for harde.

Hald greie på poeng og resultat. For somme av oss er det viktigare å vinne enn å delta.

I Frankrike blir ofte eit parti kulespill følgt av ein pastis, som er ein anisdrikk. Kanskje ein god drikk kan vere med på å auke motivasjonen?

Dette forslaget til aktivitet er henta frå boka «Impulser. Håndbok i kulturarbeid på eldreinstitusjoner». Kirkens Bymisjon i Oslo har gitt ut boka gjennom prosjektet «Leve – ikke bare overleve». NDLA har fått løyve frå Kirkens Bymisjon til å bruke dette dømet frå boka. Boka har elles mange andre varierte forslag til aktivitetar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kirkens Bymisjon.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2018

Læringsressursar

Aktivitet