Hopp til innhald
Film og filmklipp

Gode helsefremjande val

I denne filmen møter du idrettsutøvar Birgit Skarstein som fortel om korleis fysisk aktivitet hjelper ho med å handsame utfordringane ho møter i livet sitt.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Tenk over: Kva for haldningar har du når du møter ein person i rullestol på butikken?
  2. Kvifor er det så viktig for Skarstein å ha personleg trener i staden for brukarstyrt personleg assistent?
  3. Korleis kan fysisk aktivitet påverke måten du møter psykiske utfordringar på?
  4. Tenkjer du at Skarstein har god eller dårleg helse?