Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ønskekonserten – får hjarte til å banke

Aktivitet: Finn ein velkjend kjenningsmelodi og start alltid ønskekonserten med han, på plate eller som allsong. Ønskekonserten kan òg vere ein liten sekvens av eit større kulturarrangement.
Eldre dame som smiler. Ho har rosa skjerf, grå jakke og ein stor, svart blomster i håret. I framgrunnen ser vi ei anna eldre kvinne med rosa klede, ho peiker på dama som smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rammer

De treng

  • ein programleiar og ein forsanger
  • ein eller fleire musikarar
  • songar som er valt på førehand

Vi tilrår at de viser nokon av songtekstane på storskjerm. Hugs å trykke songtekstane med stor skrift!

Kor ofte: ein gong i månaden

Kor lenge: 50–60 minutt


Førebuingar

Etabler ønskekonserten som eit fast innslag kvar månad. Heng opp ei liste i bufellesskapa der dei tilsette kan skrive opp kva melodi dei eldre ønsker å høyre.

Gå i tillegg rundt på bufellesskapa og be dei som bur der, om å komme med ønske. Ingen song er umogleg for ønskekonserten! Skriv ønska ned på lappar. Det er sjølvsagt mogleg å komme med helsingar til songønska.


Forslag til songar

Trykk opp på førehand dei songane som er valde viss det er mogleg, og del dei ut på ønskekonserten. Som variasjon til å synge kan de òg lytte til innspelingar frå ulike nettstader. Kanskje kan de plassere ein gammal grammofon på podiet?

Dette forslaget til aktivitet er henta frå Kirkens bymisjons bok Impulser – Håndbok i kulturarbeid på eldreinstitusjoner. Boka er gitt ut av Kirkens Bymisjon i Oslo gjennom prosjektet "Leve – ikke bare overleve". Forslaget til aktivitet er gitt att i NDLA med løyve frå Kirkens Bymisjon. I boka finst mange andre varierte forslag til aktivitetar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SARettshavar: Kirkens Bymisjon
Sist fagleg oppdatert 20.12.2023

Læringsressursar

Aktivitet