Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Frå topp til tå – ein dag med velvære

Aktivitet:
Ein smak av luksus frå topp til tå Sjølv om verkeleg skjønnheit kjem innanfrå, kan nokre timar i ein skjønnheitssalong gi mjuk hud og ro i sjela.
Tre samanrulla kvite handkle med ein stor raud blom oppå. Ved sida av er det ein stabel med tre flate, glatte steinar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De treng:

  • eit eigna lokale, f.eks. frisørsalong eller bad
  • rolig musikk
  • noko forfriskande å drikke
  • glasbollar med varmt vatn
  • eteriske oljar
  • fargerike handklede
  • neglelakk
  • neglelakkfjernar
  • handkremar
  • levande lys som duftar når det brenn
  • barberskum, høvel og aftershave

Vi tilrår

At de planlegg hendinga saman med frisør, fotterapeut og fysioterapeut

Kor ofte:

Ein gong i månaden

Kor lenge:

To–tre timar

Hender med blå hanskar smører fotkrem på ein fot.  Foto.

Kva med å gi eit tilbod om ein dag med velvære? Ein dag med smak av luksus – ein dag helt forskjellig frå dei like kvardagane.

Start med å forvandle badet til ein «skjønnheitssalong»:

– varmt vatn med lavendelolje, gode kremar, ansiktsmaske og agurkskiver til auga

– bollar til å leggje hendene i bløyt i, olje til å ha i vatnet, sakser og filer, god handkrem, ansiktsmasker, ansiktskremar

– gløym ikkje duftande stearinlys for å gi stemning og lukt

Er de heldige og har tilgang til frisør, fotterapeut og fysioterapeut, kan dei gi mange nyttige idear og innspel. Kanskje kan dei bidra sjølve også?

Ein god dag startar ofte med ein god og lang frukost. Bruk frukosten til å informere om tilbodet.

La «kundane» velje mellom forskjellige typar ansiktsmasker og fargar på neglelakk. Dei bestemmer sjølve om dei vil stelle berre hender og negler, eller om dei vil prøve noko meir. Det blir mykje moro når mange ansikt er dekte med agurkskiver!

Dette forslaget til aktivitet er henta frå boka «Impulser – Håndbok i kulturarbeid på eldreinstitusjoner» (kirkensbymisjon.no). Det er Kirkens Bymisjon i Oslo som har gitt ut boka gjennom prosjektet «Leve – ikke bare overleve». Kirkens Bymisjon har gitt NDLA løyve til å bruke forslaget. I boka finst det fleire andre varierte forslag til aktivitetar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kirkens Bymisjon.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Aktivitet