Korleis påverkar musikk hjernen?
Kva musikk vel du å høyre på når du skal
trene med høg intensitet
slappe av på bussen
gjere husarbeid, klippe plen eller måke snø
vere på fest med venner
Diskuter med ein eller fleire medelevar: Korleis kan musikk påverke stemninga og humøret ditt når du er
glad
forelska
sint
trist
stressa
sliten
Jobb saman med ein eller fleire medelevar, og vel dykk ein tenestestad innan helse- og oppvekstsektoren.
Lag ein plan for bruk av musikk i arbeidet dykkar på denne staden. Planen bør innehalde informasjon om
tenestestad og brukarar
grunngiving og mål for bruk av musikk
konkret plan for kva de vil gjere
noko som utstyr og tilrettelegging de treng
Ta kontakt med ein tenestestad og be om å få komme dit og gjennomføre planen dykkar dersom det er mogleg, eller gjennomfør planen i ein annan klasse på skulen.
Evaluer gjennomføringa og reflekter saman i gruppa og i klassen over kva som gjekk bra, og om det er noko som burde endrast dersom opplegget skal gjennomførast igjen.
Relatert innhald
Behov er noko vi treng. Vi må ha eit medvite forhold til kva den enkelte treng for å ha det bra, ha ei god helse og moglegheit for vekst og utvikling.
Å reflektere inneber å tenkje grundig gjennom episodar eller opplevingar du erfarer. Når vi reflekterer, vender vi tankane tilbake på noko.