Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Møte med alderdommen

I livsløpet vårt er alderdommen den siste fasen i livet. Menneske opplever alderdommen ulikt. For samfunnet er målet at alle menneske skal ha moglegheiter til ein sunn og aktiv alderdom og god livskvalitet etter kvart som vi eldest.
Eldre par sit i sofaen mens dei lenar seg fram over eit atlas på bordet og peiker i det med kvar sin penn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aldringsprosessen

  1. Lag eit tankekart der du skriv ned kva du forbind med aldring og det å vere eldre, og kva som er rolla til helsefagarbeidaren i arbeid med eldre.

  2. Finn ut kva som er forventa levealder for kvinner og menn i Noreg og i verda i dag.

  3. Lag ei liste over ulike alderdomsteikn.

  4. Finn ut kva sjukdommar og plager som er knytte til aldring.

  5. Forvirring (delirium) kan oppstå når eldre blir utsette for alvorleg sjukdom. Finn ut kvifor det skjer, og korleis du som helsefagarbeidar kan behandle personen på best mogleg måte.

  6. Forklar kva aldersdepresjon er, kva som kan vere årsaker til det, og kva symptom aldersdepresjon gir.

    • Kva behandling kan bli gitt for aldersdepresjon?

    • Korleis kan du som helsefagarbeidar hjelpe og støtte personar med aldersdepresjon?

  7. Korleis kan eldre vere ein ressurs i samfunnet i dag?

  8. Kva er ein god alderdom? Korleis kan du som helsefagarbeidar bidra til at dei menneska du jobbar med, får ein god alderdom?

To unge kvinner pratar i lydstudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Podkast om alderdommen

Lag ein podkast med temaet "Møte med alderdommen". Formålet med podkasten er å få ei forståing av korleis det opplevast å bli eldre.

  1. Jobb gjerne saman i grupper og lag spørsmål til intervju av eldre menneske. Gjennomfør intervju eller samtaler med ein eller fleire eldre personar. Døme på kva de kan spørje om:

    • Kva for nokre fysiske og psykiske endringar medfører alderdommen?

    • Kva gir glede i livet?

    • Kva aktivitetar deltek dei på, og kva aktivitetar ønsker dei meir av?

    • Kva har fysisk aktivitet å seie for den psykiske helsa?

    • Korleis opplevast det å ikkje ha ein jobb å gå til?

    • Korleis ønsker dei å bli møtt av menneske i helsetenesta?

    • Kva er god omsorg for eldre?

    • Kva bidreg til god livskvalitet?

    • Kva tilbod til aktivitet finst for eldre?

  2. Redigerer innhaldet og lydfilene slik at de får ein samanhengande podkast som varer omtrent ti minutt.

  3. Spel podkasten for resten av klassen. Vurder dykkar eige arbeid og gi tilbakemelding på podkastane til kvarandre. Nemn to ting som var bra og ein ting som kan forbetrast.

Relatert innhald

Kvardagsmeistring for eldre handlar om førebyggjande helsearbeid og å bevare funksjonsevne trass i aukande alder.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Eldre og helse