Hopp til innhald

Fagstoff

Aldring og fordommer

I samfunnet vårt framstiller vi ofte dei eldre som veike og stakkarslege. Men er det eigentleg rett?

Denne godt tilårskomne gjengen i Oslo syner i alle fall ei livsglede som kan knuse alle fordomar om at livet er over så snart ein har passert 70. Dei meiner at alder berre er eit tal. Nysgjerrigheit, humor og vitalitet tek aldri slutt – så lengje ein ikkje legg år til livet, men liv til åra!

Oppgåver

  1. Kvifor blei dommarane i Norske Talenter overraska over gjengen frå Røa eldresenter?
  2. I denne filmen seier Ingvar at han ikkje føler seg annleis som 70-åring enn som 30-åring. Kvifor er det slik?
  3. Kvifor kan det vere interessant å be eit eldre menneske om å fortelje?
  4. Kva for nokre feil kan ein gjere når ein skal snakke med eit eldre menneske?
  5. Kva vil du leggje vekt på når du snakkar med eldre menneske?

Relatert innhald

Aldring er ein naturleg prosess som går føre seg heile livet, men som blir tydelegare etter kvart.

CC BY-NC-SARettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 11.10.2018

Læringsressursar

Eldre og helse