Hopp til innhald

Fagstoff

Skinnet bedreg

NRK i Tromsø har laga ein TV-dokumentar om eit ungt menneske på snart 100 år. Ei dame som ikkje vil gå glipp av noko moro. Eit menneske med eit skarpt hovud og stor livsappetitt.

Bak ein rullator i Tromsø finn vi eit fascinerande menneske: 96 år gamle Signe Landmark. Dama med Batman-sveisen samla allereie for fire år sidan vener til eige gravøl.

Oppgåver

Sjå filmen Skinnet bedrar!

  1. Kvifor trur du filmen har denne tittelen?
  2. Kva for fysiske teikn på aldring ser de hos Signe?
  3. Kva er det ved Signe som gjer at det ikkje verkar som ho er 96 år?
  4. Kva kan minne bety for eit eldre menneske, og kvifor har Signe eit sterkt ønskje om å få kome tilbake til setra i Luster?
CC BY-NC-NDRettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

Eldre og helse