Hopp til innhald
Fagartikkel

Naturlege aldersforandringar

Menneskekroppen er eit fint maskineri. På same måten som maskinene som blir svekte ved bruk, fungerer òg menneskekroppen med åra dårlegare enn då han var ung og ny.

Aldersforandringar

Sjølv om det dreier seg om normale aldersforandringar, kan dei gi store plager og lidingar for den eldre, og såleis gi dårlegare livskvalitet. I byrjinga er det berre små endringar som ikkje får konsekvensar i dagleglivet, men tempoet i aldringsprosessen aukar med alderen. Aldring er ingen sjukdom, men ein normal og naturleg prosess.

Det er derfor viktig at helsefagarbeidaren observerer og rapporterer aldersforandringane, slik at ein kan lindre og eventuelt behandle plagene. Til dømes kan aldersforandringar som prostata-problem og urininkontinens behandlast, og obstipasjon kan førebyggast gjennom enkle tiltak.

Huda og ansiktet

Med alderen mistar lêrhuda kollagen og blir tynnare. Det gjer huda mindre elastisk, og ho mistar evna til å halde på fukt. Dermed får vi rynker.

Ansiktsstrukturen endrar seg fordi beina blir skjørare og tynnare. Ansiktet ser dermed tynnare ut og har mindre tydeleg kjeve.

Tyngdekrafta trekker etter kvart både i huda og i feittlaget som ligg under, så ansiktet blir "drege" nedover. Resultatet er hengande augelokk, poser under auga og dobbelthake.

Huda kan bli meir raudleg fordi blodårene blir synlegare. Dei små kapillæra i huda mistar elastisitet og vernet frå underhudsfeittet. Dette viser seg som hudblødingar (blå flekker på huda) som seinare kan bli brune og gule.

Mange eldre kan verke bleike fordi huda taper pigmentceller. Pigmentflekkar oppstår der det er tap av svært mange pigmentceller (kvite flekkar) eller opphoping av pigmentceller (brune flekkar). Håret blir kvitt eller grått fordi ein mistar pigmentceller når ein blir eldre. Håret blir tynnare, og mange mistar hår.

Strukturen i huden endrar seg, og huda blir grovare og tørrere. Mange eldre er plaga av hudkløe. Kløe i huda kjem av at huda er tørr. Såpevask og frottering kan forsterke kløen fordi det fjernar det vernande feittlaget på huda.

Underhudsfeittet i heile kroppen blir redusert. Det svekker isolasjonsevna, og med det evna huda har til å regulere temperaturen i kroppen. Færre sveittekjertlar gjer at eldre menneske ikkje klarer å regulere varmen ved sveitte like godt. Eldre menneske frys lettare, og dei toler heller ikkje varme så godt.

Senile vorter er ufarlege utvekstar som ein oftast finn på rygg og bryst hos menn.

Risikoen for trykksår er større hos eldre fordi dei har lite underhudsfeitt som kan fungere som ei støytpute mellom knoklane og liggeunderlaget. Sidan huda òg er tørr og mindre elastisk, oppstår det lettare sår.

Sirkulasjonssystemet

Blodårene mistar noko av elastisiteten når vi blir eldre, og det får blodtrykket til å stige. Hjarteslaga blir ikkje så kraftige, og dermed pumpar hjartet mindre blod ut i blodomløpet. Det reduserer blodforsyninga til organa i kroppen. For å kompensere for dette aukar takta (pulsen). Derfor har eldre menneske gjerne høgare puls enn yngre.

Eldre menneske kan få uregelmessig hjarterytme. Det vanlegaste er ekstraslag (ekstrasystole). Det kjennest som om hjartet hoppar over eit slag.

Mange eldre kjenner seg svimle når dei reiser seg. Dette kan komme av at blodtrykket i arteriane til hjernen fell, slik at nervecellene ikkje får nok oksygen når stillinga blir endra frå liggande eller sitjande til ståande.

I venene blir musklane og klaffane slappare, og dermed blir tilbakestrøyminga av blod til hjartet dårlegare. Blodet hopar seg opp i venene og i vevet omkring. Beina blir då hovne, og risikoen for åreknutar, leggsår og årebetennelsar aukar.

Respirasjonssystemet

Nedsett lunge- og hjartefunksjon hos eldre fører til at dei lettare får dyspné (tung pust) ved fysiske påkjenningar.

Lungevevet blir mindre elastisk. Dette fører til nedsett ventilasjonsevne og at ein lettare får infeksjonar i luftvegane. Auka infeksjonsfare i luftvegane kan òg komme av at eldre har nedsett hosterefleks, og at flimmerhåra i luftvegane fungerer mindre effektivt.

Rørsleapparatet

I aldringsprosessen taper vi muskelmasse. Rørslene våre blir meir langsame og mindre presise, og evna vår til å gjere små rørsler blir dårlegare. Dette gir oss mindre muskelstyrke, og vi er ikkje så uthaldande som før.

Muskelfunksjonen blir òg dårlegare fordi hjartet og blodåresystemet ikkje lenger fører nok næring og oksygen fram til musklane.

Den fysiske forma vår (kondisjon og kapasitet) er derfor halvert når vi når om lag 70 år.

Skjelettet taper beinmasse, og det fører til osteoporose. Osteoporose gir auka risiko for brotskadar. Leddbanda blir mindre elastiske, og det gjer ledda mindre rørlege. Forandringar i leddbrusken kan gi oss smerter, hovne ledd og nedsett leddfunksjon. Det heile kan resultere i artrose.

Fordøyingssystemet

Med alderen blir tennene våre slitne ned, og mange eldre bruker derfor protesar. Sidan underkjeven skrumpar inn og bitet endrar seg i alderdommen, er det viktig at protesane blir tilpassa.

Når vi blir eldre, skil ikkje kroppen ut like mykje spytt som før. Vi kan bli tørre i munnen, og munnslimhinna skrumpar inn. Desse endringane kan vere årsaka til at eldre lettare får sopp og andre infeksjonar i munn og svelg.

Muskulaturen i matrøyret blir òg redusert med alderen, og dei peristaltiske rørslene blir svekte slik at vi får vanskar med å svelge.

Produksjonen av saltsyre og enzymet pepsin i magesekken går ned. Dette kan gi grobotn for sjukdomsframkallande mikroorganismar. Peristaltikken i mage-tarm-kanalen blir redusert. Det kan vere ei av årsakene til at eldre er plaga av obstipasjon.

Nyrene og urinorgana

Alderen svekker elastisiteten og muskelstyrken i urinblæreveggen, slik at blæra får mindre kapasitet og dårlegare evne til å presse ut urinen og til å trekke seg saman. Dette kan føre til resturin i urinblæra, og faren for urinvegsinfeksjon aukar. Auka fare for urinvegsinfeksjon kjem òg av at slimhinnene i urinrøyret blir tørre og såre.

Lukkemusklane i urinrøyret blir svekte. Det gjer det vanskelegare å halde på urinen, og urininkontinens kan oppstå.

Hos menn veks prostatakjertelen. Det kan gi plager som redusert kraft på strålen, hyppig og sterk trong til vasslating og vasslating om natta. Med alderen blir nyrefunksjonen dårlegare, men nyrene har stor reservekapasitet, så dette merkar ein sjeldan.

Nervesystemet

Med alderen aukar tapet av nerveceller, og det blir avleiringar i blodåresystemet i hjernen. Hjernen treng blod og næringsstoff for å fungere.

Når blodsirkulasjonen til hjernen blir redusert, opplever eldre menneske at dei får nedsett reaksjon på stimuli. Det vil seie at dei treng meir tid til å oppfatte det som skjer, og til å omstille seg.

Sansane

Hos dei fleste blir både synet og høyrsla dårlegare med åra. For somme er tapet av sansar så alvorlege at livskvaliteten blir kraftig redusert.

Høyrselssvekkinga startar vanlegvis med at det blir vanskeleg å oppfatte høge tonar. Etter kvart blir det òg vanskelegare å høyre dei låge tonane og å skilje lydar frå kvarandre.

Synet blir gradvis svekt med åra. Det kjem av at auget ikkje klarer like godt å sleppe gjennom og bryte lyset. Det blir vanskeleg å sjå godt på nært hald, og vi blir det vi kallar langsynte. Djupnesynet blir påverka, slik at vi får vanskar med å vurdere høgda på til dømes trappetrinn og fortauskantar.

Eldre treng mykje lys for å kunne sjå klart, og dei blir lett blenda. Fargesynet blir svekt, spesielt mørkesynet. Det er fordi auget har vanskar med å oppfatte dei blå og blågrøne fargetonane, og i mørkeret er inntrykka for det meste i blåtonar. Med alderen produserer vi òg mindre tårevæske, og dette kan auke risikoen for irritasjonar og infeksjonar i auga.

Psykologisk aldringsprosess

Den psykologiske aldringa er påverka av personlegdommen til kvar enkelt av oss, av den psykiske og fysiske tilstanden og av livssituasjonen elles. Dårleg sjølvoppfatning, depresjon, sjukdom og det å miste ektefellen kan påverke aldringa.

Eit kjenneteikn ved den psykologiske aldringa er at den eldre får auka reaksjonstid, blir langsamare og meir gløymsk. Spesielt blir korttidsminnet svekt.

Vi beheld evna til å lære, men evna til å sette seg inn i nye ting blir svekt ved aldring. Det å bruke evnene sine og hjernen aktivt gjennom "hjernetrim" bidreg til å bevare læreevna.

Andre vanlege trekk ved psykologisk aldring er at meistringsevna, verkelysta, initiativet og sjølvbiletet blir svakare, men dette varierer sterkt frå person til person.

Sosial aldringsprosess

Det å bli eldre inneber at vi trer inn i nye sosiale roller. Mange blir pensjonistar. Det kan gi ei auka oppleving av fridom og meir tid til eigne interesser og aktivitetar.

Med alderen kjem gjerne ein serie tapsopplevingar. Vi mistar arbeidet, vi taper status, og vi mistar familie og venner. Den sosiale krinsen blir mindre.

Mange eldre lever eit rikt sosialt liv. Kor sosiale vi blir når vi blir eldre, heng saman med kva for interesser vi har, kreftene våre og helsa vår – og høva vi har til å delta i sosialt liv. Her speler både økonomi og høva for transport inn.

Utfordringar til deg

  1. Eldre (menneske mellom 60 og 74 år) og gamle (menneske frå 75 år og eldre) i dag er sprekare både fysisk og mentalt enn eldre og gamle for nokre år sidan. Kva kan vere årsaker til det?

  2. Kva naturlege aldersforandringar kjenner du til?

  3. Med alderen blir vi meir sårbare for sjukdom. Kvifor er det slik?