Hopp til innhald
Oppgåve

Hans pluss Liv

I filmen Hans pluss Liv møter vi Hans som har elska Liv gjennom eit langt liv. Liv har fått Alzheimers sjukdom og er no på sjukeheim. Vi følger Hans over tid, gjennom gode minne, nye opplevingar, kvardag og sorg.

Sjå filmen Hans pluss Liv på nettsidene til NRK.

Informasjon og forståing

  1. Kvifor er det nødvendig at du som helsefagarbeidar har informasjon om og forståing for livshistoria og interessene til eit menneske?

  2. Korleis kan du kartlegge historia og interessene til ein person?

Alzheimers sjukdom og helsefagarbeidaren

  1. Liv i filmen har Alzheimers sjukdom.

    1. Kva er årsaker til, symptom på og behandling av Alzheimers sjukdom?

    2. Korleis bør du som helsefagarbeidar opptre i møte med mennesket Liv slik at ho opplever at du møter ho som eit menneske og opplever verdigheit?

    3. Kva kan du gjere og seie for at menneske du møter, bevarer erkjenninga av at dei er unike og verdifulle, sjølv om dei er prisgitt omsorga og velviljen din?

  2. Vi blir påverka av dei kjenslene vi får i møte med andre menneske.

    1. Korleis opplever Hans det at Liv har fått Alzheimers sjukdom?

    2. Kva kjensler og minne beskriv Hans at han har?

    3. Korleis tek Hans i bruk minna i kvardagen?

  3. Møte med pårørande. Kva må du som helsefagarbeidar tenke på når du møter pårørande av menneske som har Alzheimers sjukdom?

Fysisk aktivitet og sosialt samvær

  1. Hans er aktiv, trenar og gjer ulike øvingar så ofte han har tid. Helsegevinsten av fysisk aktivitet både for kropp og helse er godt kjend og dokumentert. Korleis kan du som helsefagarbeidar motiverer eldre til å vere fysisk aktive?

  2. Vi ser i filmen at Hans har kontakt med barnebarnet sitt. Forholdet til familiemedlemmer speler ei sentral rolle for korleis den enkelte opplever alderdommen. Kontakt med familien kan gi både gode og vanskelege opplevingar.

    1. Korleis kan forhold i familien påverke einsemd og helse?

    2. Kva støtte og oppfølging bør eldre menneske få når dei opplever at familiemedlemmer og venner døyr?

Kjensler

  1. Sorg er ein del av livet. Korleis kan du som helsefagarbeidar hjelpe og støtte menneske i sorg?

  2. Filmen handlar om kjærleik til eit anna menneske og livslang kjærleik.

    1. Er det nokon forskjell på kjenslene av kjærleik og sorg hos yngre og eldre?

    2. Kvifor er det nødvendig at du som helsefagarbeidar har forståing av at kjenslene til menneske er like på tvers av generasjonar?

Relatert innhald

Fagstoff
Aktivitet og helse

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

Fagstoff
Demenssjukdom

Dei fleste demenssjukdommar blir forverra over tid og medfører aukande behov for helse- og omsorgstenester i åra framover.