Helse og livskvalitet for eldre
Hovudmålet til FN med denne satsinga er å rette merksemda mot behova til eldre menneske når det gjeld helse, og korleis eldre tek vare på eiga helse og livskvalitet.
Dei ønsker òg å auke merksemda og takksemda mot helsefagarbeidarane som jobbar for god helse blant eldre.
I tillegg er målet å redusere forskjellane mellom helsa til dei eldre som lever i utviklingsland, og dei som ikkje gjer det, slik at alle eldre kan oppleve god helse og livskvalitet.
FNs internasjonale dag for eldre er 1. oktober.
I 2021 var temaet digitalisering. Kva tema er det for FNs internasjonale dag for eldre i år?
Finn ut kva det blir gjort i nærmiljøet ditt for å markere FNs internasjonale dag for eldre.
Jobb saman i grupper og lag ein plan for korleis de vil markere FNs internasjonale dag for eldre i år. For å avslutte og presentere prosjektet kan de anten gjennomføre planen og vurdere korleis det gjekk, eller presentere planen for resten av klassen ved hjelp av plakat, PowerPoint, film, foredrag eller liknande.
Fysisk og mental aktivitet og eit positivt syn på livet og alderdommen har ein positiv effekt på gleda i kvardagen og på livslengda.
Jobb saman i grupper.
Planlegg, gjennomfør, dokumenter og vurder
Lag ein plan for korleis de vil gjennomføre ein eller fleire aktivitetar saman med eldre. Målet med aktiviteten/e er å fremme glede i kvardagen.
Gjennomfør aktiviteten/aktivitetane. Inviter eldre til skulen eller dra ut til eit eldresenter i nærleiken, og gjennomfør det de har planlagt. Korleis kommuniserer og opptrer de som helsefagarbeidarar for å vise omsorg og motivere undervegs?
Dokumenter arbeidet undervegs. Ta bilete både av planleggingsprosessen og gjennomføringa. Bruk bileta i vurderinga og dokumentasjonen av aktiviteten. NB: Informer om kva de skal bruke bileta til, og spør om lov før de tek bilete av andre.
Vurder eige arbeid. Bruk bileta de tok undervegs i prosessen, og beskriv kva de gjorde, og korleis det gjekk.
Opplevde dei eldre glede og moro undervegs i aktiviteten?
Beskriv gjerne kva dei uttrykte både munnleg og gjennom kroppen.
Korleis motiverte de og viste omsorg undervegs?
Kva gjekk bra?
Kva gjekk ikkje så bra?
Kva kan de gjere annleis neste gong?
Lag ei utstilling på skulen av aktivitetane de gjennomførte, ved hjelp av bileta de tok undervegs. Då viser de kva helsefagarbeidaren jobbar med, og dessutan at det kan bidra til auka forståing for likskap mellom generasjonar i samfunnet. Overskrifta på utstillinga vel de sjølve.
Tenk over
Endringar og ny teknologi kan by på utfordringar for eldre.
Korleis opplever du det er å lære deg ny teknologi?
Korleis trur du eldre opplever ny teknologi og det å skulle lære noko nytt?
Inviter eldre til skulen for å hjelpe dei med å utvikle sine eigne ferdigheiter i å bruke ulike dataverktøy. Her vil det vere ulike behov. Det kan vere hjelp til å bruke datamaskin, nettbrett, mobil, betale rekningar i nettbanken, kommunisere via e-post, sms, mms, Facebook, Snapchat, TikTok, Instagram, ta bilete, bruke bilete og så vidare. De kan vise ulike moglegheiter digitale verktøy har, og ta utgangspunkt i kva dei eldre har behov for å lære meir om.
Lag ein plakat med informasjon om tid og stad. Informer om at dei eldre kan ta med seg eigne digitale verktøy som dei vil lære meir om. Del ut plakatar på dagsenter og til eldre de møter i nærmiljøet.
Gjennomfør teknologi-dagen.
Vurder kva som gjekk bra, og kva de kunne gjort annleis. Kanskje kan de òg be dei eldre om ei tilbakemelding på korleis dei opplevde dagen?
Kvifor er det viktig at ungdom møter eldre i kvardagen?
Korleis kan de skape fleire slike generasjonsmøte i kvardagen?
Kva kan det å møte ungdommar bidra til for helsa og livskvaliteten til eldre menneske?
Kva kan møte med eldre menneske bidra til for helsa og livskvaliteten for ungdommar?
Korleis kan generasjonsmøte bidra til at eldre opplever tilhøyrsel i samfunnet?
FN-sambandet. (u.å.). Internasjonal dag for eldre. Henta 28. april 2022 frå https://www.fn.no/om-fn/fn-dager-kalender/kalender/internasjonal-dag-for-eldre