Oppgåve
Utfordringar i alderdommen
Naturlege aldersforandringar medfører svekking av fysiske og kognitive funksjonar. For nokon kan dette medføre utfordringar og avgrensingar i kvardagen.
Sjå filmen med overlege og professor Anette Hylen Ranhoff og svar på oppgåvene.
Forklar omgrepet geriatri.
Når merkar dei fleste menneske fysiske teikn på alderdommen?
Kva for nokre fysiske og kognitive endringar er vanlege, og kva konsekvensar kan desse endringane medføre?
Kva kan vere årsaker til at eldre er meir utsette for brotskadar enn yngre menneske?
Kva er osteoporose?
Korleis kan du som helsefagarbeidar motivere og legge til rette slik at brukarar kan ha ein aktiv og meiningsfull alderdom? Diskuter i grupper.