Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nærleik og berøring

Berøring kan gi deg ei god kjensle og hjelpe kroppen din til å stresse ned. Øv deg på berøring med medelevar.
Ei ung hand ligg oppå ei eldre hand på eit armlene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving 1. Stryk på ryggen

Jobb saman to og to.

Sit ved sida av kvarandre. Den eine stryk den andre på ryggen med sirkelrørsler. Varier trykk og spør den du stryk, kva trykk han eller ho ønskjer. Gjennomfør øvinga i to minutt, og deretter byter de.

Stå oppreiste og gi kvarandre ein bamseklem samtidig som de gjer sirkelrørsler på ryggen til kvarandre.

Stryk kvarandre over kinna og på hendene.

Refleksjon

  1. Korleis oppleve de det å bli stroke på ryggen?

  2. Korleis oppleve de det å stryke ein annan på ryggen?

  3. Kvifor kan den berøringa de har utført, vere roande og gi ei kjensle av velvære for den andre?

  4. Korleis kan berøring vere med på å skape ein god relasjon mellom deg og den andre?

  5. Korleis kan berøring vere omsorg?

  6. Kvifor kan berøring ha ein lindrande funksjon?

  7. Berøring er ein del av helsearbeid. Kva er føremålet med den målretta berøringa?

  8. Kvifor er det viktig at helsefagarbeidaren er sensitiv for reaksjonane til pasienten på nærleik og berøring?

  9. Kva signal frå den andre må de vere merksame på når de gir hjelpande berøring?

  10. Nokon kan oppleve berøring som negativt. Korleis kan du finne ut om ein annan liker at du tek på han eller ho?

Øving 2. Massasje

Massasje av føter, rygg, nakke, skuldrer eller hender kan verke roande og gi ei kjensle av velvære.

Finn ut korleis du kan gjennomføre ulike typar massasje.

Gå saman to og to, og gjennomfør fot-, skulder-, nakke- og handmassasje på kvarandre.

Refleksjon

  1. Korleis opplevde de å gi massasje og å få massasje?

  2. Kvifor kan massasje gi betre velvære?

  3. Er det nokon situasjonar i det framtidige arbeidet ditt der du tenkjer det å få massasje kan vere lindrande?

Relatert innhald

For å kunne kommunisere på ein måte som fremjar tryggleik og tillit, bør du kjenne dei uskrivne reglane for kommunikasjon og tolke tilbakemeldingar du får.

Huda er det største sanseorganet vi har. Når nokon tek på oss, får vi stadfesting på at vi eksisterer.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

God kommunikasjon