Relasjonsferdigheiter - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Relasjonsferdigheiter

Ved å øve og reflektere over våre eigne handlingar i samhandling med andre har vi høve til å utvikle og forbetre kommunikasjons- og relasjonsferdigheitene våre.

For å skape og utvikle gode relasjonar må du kjenne deg sjølv, forstå opplevinga til den andre og forstå kva som skjer i samspelet mellom dykk. Du må òg ha evna til å endre og tilpasse deg dei menneska og situasjonane du møter. Det å reflektere over dine eigne erfaringar frå praksis vil bidra til at du utviklar handlingskompetanse i relasjonelt arbeid.

I desse oppgåvene skal de jobbe saman i grupper med tre eller fire personar. Gjenta oppgåva og byt roller, slik at alle på gruppa får prøvd dei ulike rollene.

Oppgåve 1. Eigen veremåte i møte med andre

Lag eit rollespel der ein fagarbeidar møter ein brukar for første gong. Ein av dykk har rolla som fagarbeidar, den andre har rolla som brukar og den tredje og eventuelt fjerde i gruppa har rolla som observatørar.

  • Fagarbeidaren fokuserer på veremåte og kommunikasjon med brukaren for å skape ein god relasjon

  • Observatørane observerer det som skjer, og gir tilbakemeldingar til fagarbeidaren. Observatørane må gi anerkjennande og konkrete tilbakemeldingar.

Dette er òg ei trening i oppmerksemd og motiverande kommunikasjon. Poenget er ikkje å vere perfekt, men å prøve å bli medviten sin eigen veremåte.

Tips for tilbakemeldingar

  • Pek på tre ting som såg ut til å fungere godt.

  • Ver konkret. Vel eit viktig element som kan gjerast betre.

  • Når du gir ei positiv vurdering, fortel òg kva verknad dette hadde for den andre.

Til dømes: "Då du kom inn i rommet, såg du på personen som sat der. Du helste og smilte. Du var avslappa og sette deg ned saman med personen, det såg ut til å vere positivt, for den andre vart roleg og smilte og helste tilbake".

Når du gir kommentarar som kan bli oppfatta negativt, er det òg viktig å vere positiv og konkret. Til dømes: "Det gjekk fint. Du hadde litt lite augekontakt. Eg fekk inntrykk av at du var litt usikker i situasjonen."

Oppgåve 2. Empati

Alle i gruppa tenkjer på ei hending i livet sitt, som dei vil fortelje om til dei andre i gruppa. Hendinga kan handle om kva som helst, men ho bør vere litt omfattande. Forteljinga bør bere preg av opplevingane og kjenslene dine i denne hendinga. Historia kan vere trist, spennande, rørande eller morosam eller kva du måtte ønskje.

  • Dei andre skal etterpå fortelje kva kjensler dei har lagt merke til hos deg, òg kjensler uttrykte med kroppen. Beskriv kjenslene med adjektiv som sint, sur, glad, trist og så vidare.

  • Når dei andre har sett ord på dei kjenslene dei har observert, skal du som fortel, stadfeste eller avkrefte om det var slik det kjendest for deg.

Gjenta slik at alle får fortalt ei historie og alle får sett ord på kjenslene dei observerer.

Diskuter i gruppa

  1. Kva kjensler opplevde kvar av dykk då de fortalde historia?

  2. Kva kjensler opplevde de då de var i situasjonen de fortalde om?

  3. Kva kjensler var ikkje dykkar som forteljarar, men kjenslene til observatørane?

Oppgåve 3. Anerkjenne den andre

Lag eit rollespel der fagarbeidaren skal vise empati og anerkjenne den andre. Vel ein situasjon frå eigen praksis eller noko de sjølve har opplevd.

  • Brukaren fortel om opplevingane og reaksjonane sine i ein situasjon.

  • Fagarbeidaren set seg inn i situasjonen til den andre og prøver å forstå kjenslene, tankane og reaksjonane hans eller hennar. I tillegg må fagarbeidaren formidle at han eller ho prøver å forstå, og melde tilbake at det er oppfatta og blir anerkjend og respektert.

  • Observatørane skal observere kva som skjer, og gi konkrete tilbakemeldingar til fagarbeidaren.

Diskuter i gruppa

  1. Korleis var det å gi anerkjenning?

  2. Korleis var det å få anerkjenning?

  3. Kvifor er anerkjenning viktig i arbeid med menneske?

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021