Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)
- Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)ogYrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
- Bygger på:Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)
Samhandling og relasjonar
I jobben som helsefagarbeidar må du ha empati, og du skal vise respekt og toleranse for kulturen, livssynet og den sosiale statusen til andre. Det er viktig at du reflekterer over dine eigne haldningar og viser endringsvilje, og at du jobbar aktivt for å førebyggje og handtere konfliktar i arbeidet.