Å stille spørsmål
Å stille dei rette spørsmåla og følgje opp desse gjennom aktiv lytting, både verbalt og nonverbalt, skaper tryggleik. Når du tek initiativ, stiller spørsmål og gir respons, byggjer du opp ein relasjon til den andre. Det at du er medviten kva spørsmål du stiller, og korleis du uttrykkjer deg både verbalt og med kroppsspråk, påverkar relasjonen.
Vi stiller spørsmål for å bli kjende med brukaren og for å samle inn nødvendig informasjon med tanke på å kunne gi best mogleg hjelp. Når vi stiller utforskande spørsmål, gir vi andre høve til å dele tankar og kjensler omkring noko dei har opplevd. Vi får innblikk i kjenslene og tankane deira, og dette gir oss høve til å forstå dei betre.
Utforskande spørsmål kan òg føre til at den vi snakkar med, sjølv reflekterer og kan kome fram til eigne løysingar.
Opne spørsmål er nyttige når vi ønskjer å få meir og utfyllande informasjon. Dei gir den andre høve til å dele meir av tankane sine og inviterer til utforsking og forklaringar. Opne spørsmål gjer at den andre kan snakke fritt og ope om eigne kjensler. Det bidreg til at den andre opplever seg sjølv som viktig person.
Som helsefagarbeidar kan du ved hjelp av opne spørsmål hjelpe den andre til å utforske, utdjupe eller beskrive noko, anten det er kjensler, erfaringar, faktiske forhold eller anna.
Opne spørsmål blir gjerne innleidde med spørjeorda kva, korleis eller kvifor, men òg andre spørsmål kan fungere opne.
Spørsmål med kva gir den andre høve til å fortelje fritt om hendingar og opplevingar. Til dømes "Kva var det som skjedde?", "Kva meiner du om det?", og "Kva vil du gjere?".
Spørsmål med korleis får fram kjensler og opplevingar. Det gir den andre høve til å forklare samanhengar og prosessar. Til dømes "Korleis er det for deg å snakke om det som skjedde?", eller "Korleis går det no?".
Spørsmål med kvifor utfordrar den andre til å gi ei forklaring eller ei grunngiving. "Kvifor fortel du ikkje meir om det som skjedde i går?" Her får den andre høve til å reflektere over eigne forklaringar og kome med grunngivingar. Kvifor-spørsmål kan bidra til å lukke kommunikasjonen, fordi nokon kan oppfatte det som ei skulding. Det å skulle forklare til dømes kvifor du ikkje har ete, kan verke trugande. Derfor kan det i nokre tilfelle vere ein fordel å formulere spørsmåla på ein annan måte for å unngå å lukke kommunikasjonen, til dømes slik: "Eg ser at du ikkje har ete. Kva er det som gjer at du ikkje har lyst på mat i dag?"
Lukka spørsmål kan svarast på med få ord, slik som "ja" eller "nei". Slike spørsmål eignar seg godt når du vil stadfeste eller avkrefte noko konkret. Dei byrjar ofte med har eller eit verb: "Har du ete?", "Har du vondt når du svelgjer?", "Har du lyst på ein kopp kaffi?", "Er du kald?", "Var det godt å dusje?", eller "Har du lyst til å vere med?". Desse spørsmåla kan vere føremålstenlege å nytte dersom den andre har vanskeleg for å snakke.
Lukka spørsmål kan òg vere spørsmål du stiller for å få informasjon om tid, stad eller personar, og kallast informasjonsspørsmål. Til dømes "Kva heiter du?", "Kven er saman med deg?", "Når kom du?", "Kvar bur du?". Her får du gjerne faktasvar. Du får informasjon om det du spør om, og det kan vere viktig, men det inviterer ikkje til ein open samtale.
Lukka spørsmål eignar seg ikkje alltid så godt i ein samtale, sidan dei ikkje driv samtalen vidare, men ofte leiar eit lukka spørsmål til opne spørsmål. Dersom ein brukar svarer "nei" når du spør om ho har sove godt i natt, er det naturleg at du følgjer opp med eit meir ope spørsmål som "Kva var det som gjorde at du ikkje fekk sove?". På slutten av ein samtale kan du seie: "Er det meir du ønskjer å snakke om?", og sjølv om brukaren kan svare kort "nei", opnar du samtidig for eit lengre svar der brukaren kan fortelje om det han eller ho har på hjartet.
I leiande spørsmål ligg svaret innbakt i spørsmålet. "Det går vel bra no, etter det som skjedde?", eller "No er du vel mett?" Når du stiller slike spørsmål, kan det vere vanskeleg for brukaren å svare noko anna enn det du forventar. Du kan risikere at brukaren gir feil svar, og du får feil informasjon. Brukaren kan svare "ja" sjølv om vedkomande eigentleg meinte noko anna, fordi spørsmålet vart stilt på ein leiande måte.
Dersom du stiller leiande spørsmål, kan brukaren kjenne seg styrt og mindreverdig. Han eller ho kan oppleve at det dei meiner, har lite eller ingenting å seie. Derfor bør du unngå leiande spørsmål.
Utfordringar til deg
Kvifor bør du vere klar over korleis du stiller spørsmål?
Kva kan du få informasjon om ved å stille spørsmål?
Kva bidreg opne spørsmål til i kommunikasjonen og i relasjonen?
Når kan det vere riktig å nytte lukka spørsmål?
Eide, H. & Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner Personorientering, samhandling og etikk (3. utg.). Gyldendal Akademisk.
Røkenes, O. H. & Hanssen, P.-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3. utg.). Fagbokforlaget.