Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppskontakt

I helsearbeid er målet med berøring å hjelpe menneske. Berøring og kroppskontakt kan ha ein trøystande effekt, og det kan bidra til avslapping og dempe stress. Gjennom berøring kan du vise omsorg og nærleik.
Ei ung hand ligg oppå ei gammal hand på eit armlene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nærleik og berøring

Å stryke nokon over kinnet signaliserer omsorg. Du kan ta handa til brukaren eller leggje handa di varsamt over skuldra eller handa til brukaren når det fell seg naturleg. Ein slik situasjon kan til dømes vere når du går inn til brukaren om morgonen, eller når du set deg ned for ein liten prat.

Det at nokon held handa, tek omkring eller gir ein klem, blir opplevd som positivt og trygt for dei fleste. Ein del menneske kan sakne kroppskontakt, og det gjer godt at nokon viser omsorg på den måten.

Kroppskontakt dempar stress, bidreg til avslapping og gir oss ei velværekjensle. Kroppskontakt, berøring, massasje, merksemd og omsorg aukar mengda av hormonet oksytocin i kroppen. Oksytocin er eit hormon og ein signalsubstans i hjernen som mellom anna senkar blodtrykket og mengda av stresshormon og aukar smerteterskelen. Når du tek på ein annan person, vil det verke roande og stressdempande. Nærleik og berøring styrkjer relasjonen og er helsefremjande.

Når ein person har nedsette kommunikasjonsferdigheiter, kan berøring bidra til å skape ein relasjon.

Nokon kan av ulike årsaker ha eit negativt forhold til kroppskontakt. Det er derfor viktig å observere korleis brukaren responderer når du tek på han eller ho. Dersom brukaren trekkjer seg unna, må du vise respekt for at vedkomande ikkje ønskjer denne typen omsorg.

Kroppskontakt er naturleg i helsearbeid

I mange situasjonar er kroppskontakt ein naturleg del av oppgåvene dine som helsefagarbeidar. Varsam og omsorgsfull berøring i hjelpesituasjonar gir ei oppleving av omsorg. Som helsefagarbeidar må du vere medviten korleis du rører ved andre når du hjelper dei, og vite at same berøring kan opplevast ulik i ulike situasjonar. Menneske er ulike, og kulturbakgrunn kan òg påverke korleis ein person opplever ei berøring.

Når du skal hjelpe nokon med personleg hygiene, trer du inn i intimsona til brukaren. Nokon kan oppleve det som ubehageleg og sjenerande å få hjelp til toalettbesøk og vask nedantil. Då er det viktig at du opptrer profesjonelt. Med kroppsspråket kan du vise at dette er ein naturleg del av jobben din. Dersom brukaren heilt eller delvis meistrar å ordne seg sjølv, bør du ikkje stå og sjå på. La vedkomande få tid og rom for seg sjølv.

Av hygieniske årsaker skal du nytte hanskar under enkelte prosedyrar og når du skal hjelpe brukaren med å vareta delar av personleg hygiene. Når det ikkje er hygienisk påkravd, skal du ta av hanskane. Dersom du til dømes har på hanskar når du hjelper til med å ta på klede, kan brukaren oppleve at han eller ho er ekkel å ta på, eller kanskje bli engsteleg for om han eller ho er smittefarleg. Det er svært viktig for sjølvkjensla å bli teken på utan hanskar.

Gjennom eit godt handlag kan du kommunisere både omsorg og respekt. Brå og harde rørsler gir ubehag og ofte smerte. Eit slikt handlag signaliserer lite empati og skaper utryggje for brukaren. I helsearbeid snakkar vi om at pleiaren skal ha mjuke hender. Det vil seie at handlingane du gjer med hendene dine, skal vere behagelege og trygge for brukaren.

Utfordringar til deg

  1. Kva bidreg berøring og kroppskontakt til?

  2. I kva situasjonar er kroppskontakt ein del av jobben som helsefagarbeidar?

  3. Korleis kan du finne ut om ein person liker kroppskontakt eller ikkje?

Kjelde

Moberg, K. A. (2010). Afspænding, ro og berøring. Aschehoug A/S.

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

God kommunikasjon