Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon og relasjonar som fremjar tryggleik

Vi skaper gode relasjonar gjennom kommunikasjon, fordi måten vi kommuniserer på, påverkar relasjonane våre. For å fremje tryggleik og tillit må vi sjå menneske, vise interesse og bry oss. Vi må samtale med den vi møter, som menneske, ikkje berre som ein pasient eller brukar.

Å sjå mennesket

Vi arbeider med menneske. I yrkesutøvinga skal vi heile tida forhalde oss til og hjelpe andre. Når vi skal skape tillit og gi eit anna menneske tryggleik, er det grunnleggjande at vi møter den andre som eit unikt menneske med eigne tankar, meiningar og kjensler.

Vi må sjå den vi møter, som eit medmenneske med ressursar og moglegheiter, eigne ønske og mål, verdiar og prioriteringar. Det krev at vi er merksamt til stades. Vi må ta oss tid, lytte og sjå den andre som eit likeverdig menneske, ikkje berre ein brukar eller ein pasient i eit system.

Vi må sjå enkeltindividet og forstå vedkomande på bakgrunn av den historiske og sosiale samanhengen han eller ho er ein del av, og det systemet personen må forhalde seg til.

La den andre fortelje

Vi må utforske ved å la den andre fortelje, slik at vi kan finne ut kva som er viktig for personen. Når vi stiller spørsmål, får han eller ho høve til å uttrykkje tankane, kjenslene og verdiane sine. Vi må prøve å oppfatte og forstå betydinga av det som blir uttrykt. Det som blir sagt, er viktig, men det personen uttrykkjer gjennom kroppsspråk, stemmebruk og ansiktsuttrykk, kan vere like viktig.

Vi må anerkjenne og respektere den andre, og vi må vere klare over at dei har rett til å ha sine eigne opplevingar, meiningar og kjensler. Det er ikkje sikkert vi kan forstå andre fullt ut, men vi bør prøve å forstå så mykje som mogleg, gjennom god dialog.

Når vi er lydhøyre og viser respekt for tilbakemeldingar frå den andre, kan vi bidra til at personen opplever å bli respektert, lytta til, informert og sett på som ein aktiv og ansvarleg samarbeidspart. Då opplever vedkomande seg sett, høyrt og teke på alvor. Ein person som kjenner seg akseptert og respektert, vil òg oppleve seg verdifull og viktig.

Det motsette er å behandle den andre som eit passivt objekt for ulike tiltak som skal gjennomførast av fagfolk. Då blir den enkelte verken lytta til, forstått eller sett på som viktig i ulike avgjerder.

Tryggleik og tillit

For å oppleve tryggleik, tillit, openheit og velvære er det grunnleggjande å bli sett, akseptert og oppleve å vere verdifull og viktig. Andre får tillit til oss når dei føler at godheita, ærlegdomen og dyktigheita vår er til å stole på. Vi kan skape tillit ved å vise interesse og vere til stades, slik at den andre opplever å bli sett, høyrt og teke på alvor.

Når pasientar eller brukarar viser at dei har tillit til deg som helsefagarbeidar, har dei tiltru til at du vil dei vel. Dei har tru på at du har den kompetansen som trengst for å hjelpe i den situasjonen dei er i. Når ein pasient eller brukar har tillit til deg, vil personen i større grad opne seg for deg og kan òg vise meir av sårbarheita si enn det han eller ho gjer til andre.

Kommunikasjon blir tilpassa personen og situasjonen

Vi må samtale med andre for å finne ut av korleis dei ønskjer at ting skal gjerast, og kva dei har behov for. Når du samtaler med den andre, må du lytte, tolke og prøve å forstå kva den andre opplever som viktig, og anerkjenne dette. Når du set behova til personen i sentrum, kan du tilpasse arbeidet til desse behova i den aktuelle situasjonen.

Deltakinga til pasientar eller brukarar er viktig i helsearbeid, både i avgjerder og i gjennomføringa av den helsehjelpa dei får. Sjølvråderett, kontroll og det å ha ansvar og innverknad på eigen livssituasjon er viktig for livskvalitet og helse. For å oppnå tillit og tryggleik i samhandlinga er det derfor nødvendig at vi snakkar med og ikkje berre til pasienten eller brukaren.

Kommunikasjonen mellom helsefagarbeidar og brukar må tilpassast situasjonen og den bestemde personen. Du må som yrkesutøvar tenkje gjennom kva som er målet med samtalen og samhandlinga. Når du er klar over dette, sikrar du deg mot å gå på autopilot og behandle alle likt, uavhengig av person og situasjon.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie å sjå brukaren eller pasienten som eit likeverdig menneske?

  2. Kvifor er gode relasjonar viktig i helse- og omsorgsarbeid?

  3. Korleis kan du bidra til å skape ein god relasjon til eit anna menneske?

  4. Kvifor er tryggleik og tillit viktig i helsearbeid?

Kjelde

Røkenes, O. H. & Hanssen, P.-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3. utg.). Fagbokforlaget.