Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Helsepersonell i filmen Håp

I Håp møter vi Anja som får vite at ho har ulækjeleg kreft på vesle julaftan. Filmen skildrar fleire møte mellom Anja og helsepersonell i ulike roller. Her er oppgåver til filmen om kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.

Den vanskelege beskjeden

  1. Korleis gir fastlegen til Anja henne beskjed om sjukdommen?

  2. Kvifor er det så viktig at Tomas òg er til stades under samtalen?

  3. Korleis reagerer Anja då ho får beskjeden om den ulækjelege diagnosen?

  4. Kvifor ønskjer ikkje Anja å fortelje noko om diagnosen til barna og til resten av familien i starten?

Uvisse

  1. På kva måte prøver helsepersonellet i filmen å gi Anja støtte og omsorg i tida frå diagnose og fram til operasjonen?

  2. Kvifor trur du det er så viktig for Anja å få klare svar frå helsepersonellet?

  3. Korleis bør ein som helsepersonell ta vare på usikre og redde pasientar som nettopp har fått ein alvorleg diagnose?

Pårørande

  1. La du merke til episodar i filmen der Anja sine pårørande blir støtta av helsepersonell?

  2. Gi døme på korleis ein som helsepersonell bør ta vare på dei pårørande til nokon som er alvorleg sjuke?

Relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter

  1. Kva er relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter?

  2. Kvifor er desse ferdigheitene så viktige for helsepersonell som jobbar med alvorleg sjuke menneske og deira pårørande?

  3. Finn du døme på gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter i filmen Håp?


Relatert innhald

Håp skildrar ei sår historie om korleis det er å få ein kreftdiagnose som ikkje kan lækjast, dagen før julaftan.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Empati, respekt og toleranse