Hopp til innhald
Film og filmklipp

Rettleiing i praksis

Rettleiing er verken rådgiving, undervisning eller terapi, men ein dialog der rettleiaren stiller spørsmål slik at den som får rettleiing, kan reflektere over handlingane sine. Når du arbeider med menneske, er rettleiing naudsynt for å utvikle kunnskap ved å lære av eigne og andre sine erfaringar.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Som fagarbeidar skal du både rettleie andre og ta imot rettleiing sjølv. I denne filmen kan du sjå korleis kollegarettleiing går føre seg i ein barnehage og på ein sjukeheim.

Utfordringar til deg

  1. Kva er skilnaden på å rettleie kollegaer og å gi dei eit råd?

  2. Har du opplevd situasjonar på praksisstaden din der du trong rettleiing?

  3. Kvifor er det viktig å få rettleiing når du jobbar innan helse- og oppvekstsektoren?

Relatert innhald

Fagstoff
Rettleiing

Rettleiing er ein målretta samtale som skal skape refleksjon. Den som får rettleiing, får på denne måten sjanse til å finne sine eigne svar og løysingar.