Hopp til innhald

Fagstoff

Sosial ulikskap, lagdeling og klassar

Sosial ulikskap har samanheng med fordeling av gode. Sjølv i eit egalitært samfunn som Noreg er det "forskjell på folk".
Studentar på veg opp eller ned ei brei trapp. To studentar står midt i trappa og ser opp mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanlikna med andre land er Noreg eit egalitært samfunn, det vil seie at vi lever i eit samfunn med stor likskap mellom dei forskjellige sosiale gruppene. Inntektsforskjellane er mindre enn i dei fleste andre land, utdanningssystemet er i hovudsak opent for alle, og alle har lik rett til legehjelp og sjukehusplass.

Ulike forhold mellom menneske

Likevel er det "forskjell på folk" også i Noreg. Noko av det som er lettast å observere, er forskjellane i samfunnet. Det er lett å sjå om nokon har bustad og bil, men det er ikkje like lett å til dømes sjå kven som har god helse eller ikkje. I tillegg er det ikkje alltid lett å sjå om det er ein systematisk samanheng mellom desse ulikskapane i samfunnet.

Når vi skal forsøkje å sjå på ulike forhold mellom menneske, kan vi snakke om horisontale eller vertikale forskjellar. Horisontale forskjellar handlar om å vere i eller utanfor eit sosialt system, som til dømes å vere i jobb versus å vere arbeidsledig. Dersom vi derimot vil sjå på samfunnet sin klassestruktur eller lagdeling, handlar det om vertikale forskjellar. Det vil seie at vi følgjer eit vertikalt prinsipp, kor vi individ og rollene våre blir plassert over eller under kvarandre i ei rangordning.

Sosial rang og lagdeling

Sosial rang blir brukt som nemning på den plasseringa ei sosial rolle har i eit samfunn der rollene er plasserte over eller under kvarandre. Ein måte å rangere rollene eller posisjonane på, er etter kor stor prestisje dei har eller kor store ressursar som er knytte til dei. Ordføraren i ein kommune kan til dømes ha høg sosial rang fordi dette er ein posisjon med høg prestisje.

Fleire personar ser på flotte bilar i ei bilutstilling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pengar er ein ressurs som gir tilgang til andre ressursar i samfunnet. Dersom rikdom er skeivt fordelt, fører det vanlegvis til ei skeiv fordeling av fleire andre gode som kan kjøpast for pengar, som bustad, klede, mat og reiser.

Sosial status

Sosial status handlar om kor godt omdømme ein person har i det sosiale systemet. Ein person kan godt ha mykje pengar og ei prestisjefylt stilling, men ha dårleg omdømme i samfunnet. Ein lege kan ha høg sosial rang på grunn av rolla si, men det er ikkje sikkert at legen skjøttar stillinga si på ein slik måte at han eller ho samtidig har høg sosial status. Då har vedkommande høg sosial rang, men låg sosial status. Og motsett – ein kan enkelt ha godt omdømme sjølv om ein ikkje sit i ein sosial posisjon som gir høg rang i samfunnet. Med andre ord låg sosial rang, men høg sosial status.

Sosiale klassar

Sosiale klassar er ein variant av den sosiale lagdelinga, men det er ein vesentleg forskjell mellom lagdelingsanalysar og klasseanalysar: klasseanalysen tek føre seg sambandet og likskapane mellom dei forskjellige laga i samfunnet, mens lagdelingsanalysen tek føre seg forskjellane. Ein lagdelingsanalyse vil til dømes sjå på ulikskapane i inntekt mellom forskjellige grupper, mens ein klasseanalyse vil sjå på kva for samband og forhold det er mellom gruppene. Ein klasseanalyse vil til dømes forsøkje å forklare kvifor ein fabrikkeigar blir høgare vurdert enn ein arbeidar.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2019

Læringsressursar

Empati, respekt og toleranse