Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alle har si historie

Alle har sine historier og opplevingar som påverkar dei. Vi kan velje kva historier vi deler med andre. Det å få ta del i historiene til andre gir deg større forståing for menneska du møter.
Eldre dame med avis i fanget ser på mobilen. Ho smiler. I bakgrunnen sit ein eldre mann med avis i ein sofa og ser bort på kvinna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjonsoppgåver

  1. Kan du gi døme på hendingar i ditt eige liv som har påverka deg til å bli den du er? Del gjerne døma dine med ein medelev. Diskuter kva som gjorde at desse hendingane pregar dykk.

  2. Kan du gi eit døme på ei eller fleire større hendingar i Noreg eller i verda som du meiner har vore med på å prege livet ditt?

  3. Kan du finne nokon døme på større hendingar i Noreg som du trur har vore med på å prege livet til dei som er over 70 år i dag? Del døma dine med ein medelev, og diskuter kvifor og på kva måte de trur desse hendingane har prega livet til dei eldre.

Intervju

I denne oppgåva skal de intervjue eit eldre menneske. Personen bør helst vere over 70 år. Føremålet med intervjuet er å hente inn historier som har vore med på å prege livet til denne personen.

  • Lag spørsmål til intervjua.

  • Spør om å få ta bilete av den de intervjuar.

  • Spør om personen har nokre bilete frå hendingane dei fortel om, og om de kan få skanne desse for å ha dei med i presentasjonen.

Lag ein presentasjon av intervjuet, og del han med klassen.

Diskusjon

  • Kva likskapstrekk finn de mellom intervjua? Kvifor trur de det er slik?

  • Kva nytte har ein helsefagarbeidar av å lytte til historiene til andre?

  • Korleis kan de vise respekt for historiene til andre?

Relatert innhald

For å vise den andre at du er interessert og ønskjer å forstå, må du lytte aktivt til det den andre prøver å formidle både med ord og med kropp.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Empati, respekt og toleranse