Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Empati i arbeidet

Empati er evna til å kjenne igjen og forstå kjenslene til andre og til å kunne setje seg i deira stad. Å ha empati gjer deg i stand til å forstå kva andre føler og tenker. Du forstår situasjonen og behova deira og er motivert til å hjelpe dei.

Empati, eigne haldningar og åtferd

Empati er viktig når vi skal etablere relasjonar og skape gode utviklings- og læringsmiljø.

Oppgåve 1

  1. Forklar omgrepet empati.

  2. Kvifor treng du som fagarbeidar å vise empati?

  3. Kva eigenskapar er det viktig å ha for å kunne vise empati?

  4. Kva vil det seie å ikkje ta over eller dømme den andre?

  5. Kvifor er det nødvendig å kjenne på, forstå og tole eigne kjensler når du skal vise empati for andre?

  6. Å lytte utan å dømme er ein viktig eigenskap når du skal vise empati. Beskriv korleis du kan lytte utan å dømme, og grunngi kvifor dette er nødvendig for å vise empati.

  7. Korleis kan du vise at du forstår det eit anna menneske opplever som trist eller vanskeleg?

  8. Det er mange måtar å vise empati på. Korleis kan du vise at du forstår eit anna menneske? Korleis vil du støtte personen i ein gitt situasjon?

  9. Tenk tilbake til ein situasjon der du opplevde at nokon andre viste deg medkjensle, var forståingsfull og gav deg støtte. Kva gjorde og sa personen? Korleis opplevde du denne situasjonen? Korleis kan du bruke desse erfaringane i arbeid med menneske?

  10. Korleis kan du trene deg på å utvikle eigen empati?


Oppgåve 2. Øv deg på å vise empati

For å trene opp evna di til å vise empati kan du

  • lese bøker, noveller eller sjå film der du prøver å forstå korleis personane opplever verda, og setje deg sjølv i ein annans stad

  • sjå på ulike kunstverk og prøve å sjå korleis personane på kunstverket opplever situasjonen, og kva kjensler dei har

Jobb saman to og to. Den eine fortel om ein opplevd situasjon. Det kan vere ein kvardagssituasjon eller ein situasjon frå praksis som ramma kjenslene. Den andre prøver å vise empati ved å prøve å sjå verda frå perspektivet til den andre. Byt roller.

  • Her kan de øve på å sjå samtalepartnaren i auga, lytte til det som blir sagt, vere nysgjerrige og stille oppklarings- og oppfølgingsspørsmål og å legge merke til ansiktsuttrykk, kroppsspråk og toneleie til den som fortel.

  • Den som lyttar, må tore å vere stille og lytte og ikkje alltid komme med råd og løysingar som kanskje ikkje er løysingar for den andre.

  • Prøv å førestille deg korleis det er å vere i situasjonen til den andre. Reflekter over situasjonen for den andre, og skriv ned refleksjonane dine.

Oppgåve 3. Empatisk kommunikasjon

Kommunikasjon er viktig for å skape god kontakt i møte med eit anna menneske. Som fagarbeidar må du ha eit genuint ønske om å oppnå kontakt og å forstå kjenslene og behova til den andre. Det handlar om å vende merksemda og nysgjerrigheita mot den emosjonelle erfaringa til den andre.

  1. Gjer deg kjend med trinna i samtaleverktøyet empatisk kommunikasjon på nettsida til Institutt for Empatisk Kommunikasjon. Sjå òg gjerne filmane om empatisk kommunikasjon på den same nettsida.

  2. Øv dykk på empatisk kommunikasjon ved å jobbe saman to og to. Vel innhald i samtalen, det kan vere alt frå ein situasjon i praksis til ein situasjon heime, på skulen eller i fritida. Gjennomfør trinna i empatisk kommunikasjon. Byt på å vere den som fortel, og den som utfører empatisk kommunikasjon.

  3. Reflekter individuelt eller i klassen.

    1. Kva verdiar, haldningar og ferdigheiter treng vi for å utøve empatisk kommunikasjon?

    2. Kvifor er anerkjenning og respekt sentralt i empatisk kommunikasjon?

    3. Kva fører empatisk kommunikasjon til for den du møter?

    4. Kva kan empatisk kommunikasjon føre til for deg som gjennomfører det?

    5. Drøft bakgrunnen for påstanden "empatisk kommunikasjon fører til at vi ikkje lenger ser det vanskelege barnet/pasienten/brukaren".

Relatert innhald

Veremåten din og evna di til å vise empati og handle empatisk og anerkjennande har noko å seie for det å utvikle ein god relasjon.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2022

Læringsressursar

Empati, respekt og toleranse