Hopp til innhald

Fagstoff

Eit menneske har alltid si eiga historie

Alle menneske, uavhengig av kjønn, alder, religion og kultur, ber på den unike historia si. Desse historiene fortel kven vi er.
Gamle hender held eit svart-kvitt fotografi av sju barn som sit på ein plen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personlege historier

Vår personlege, individuelle historie startar nesten før vi blir fødde. Allereie mens vi blir borne fram, blir vi påverka av ulike faktorar som er med på å prege kven vi skal bli. Samfunnets historie utviklar seg parallelt med den individuelle livshistoria vår og er berre éin av dei mange faktorane som påverkar oss.

Menneske har ulike historier

Når vi møter eit nytt menneske, er det mykje vi ikkje veit om han eller ho. I jobben som helsefagarbeidar møter du stadig nye menneske, og alle desse har si personlege historie.

I arbeid med menneske kjem vi tett på og blir godt kjende. Enkelte får vi svært god kontakt med og kjem nær, men likevel kan vi aldri få vite alt om dei. Det treng vi heller ikkje.

Dele historier

Det å formidle historia si kan vere vanskeleg for nokon, og dei har kanskje heller ikkje noko ønske om å dele ho med andre. Det er viktig at vi viser respekt for dei som ønskjer å halde mest mogleg av historia si for seg sjølve. Det kan vere mange årsaker til at dei ikkje ønskjer å dele. Dei kan ha ei historie som dei synest det er vanskeleg å snakke om, fordi de opplever det som trist og tungt. Dei kan ha kjent eller opplevd fordømming eller krenking frå andre når dei har fortalt historia si. For menneske med ulike sjukdommar, til dømes Alzheimers sjukdom, kan det vere vanskeleg å dele historia si med andre.

Andre menneske deler med glede historia si. Enkelte fortel gjerne alt dei kan, og gjerne til overmål, slik at vi som fagarbeidarar må hjelpe dei med å setje grenser for kva dei fortel, og til kven dei fortel. Dei treng hjelp til å skjerme seg sjølve. Det å respektere andre er viktig i yrkesutøvinga vår, uansett kva historie menneska vi møter, har med seg. Vi skal lytte om nokon ønskjer det, og vise at vi bryr oss.

Når vi møter kompliserte historier eller vurderer at vi ikkje har den rette kompetansen til å hjelpe nokon, kan vi rettleie og hjelpe dei til å ta kontakt med andre instansar. Vi kan òg sjå brotstykke av historia til eit anna menneske ved å observere han eller ho, og ved å sjå på omgivnadene hans eller hennar. Bilete på veggen kan vere ei slags historieforteljing. Med utgangspunkt i bileta kan vi la den andre fortelje historia si.

Teieplikt

Vi får vite mykje, både tankar, opplevingar og reaksjonar blir delte. Vi skal ikkje dele den inste historia til eit anna menneske med andre, heller ikkje med helsepersonell, utan at det er gitt samtykke. Vi skal overhalde teieplikta, og vi må vurdere om det er særlege helsefaglege omsyn som taler for at vi fører historia vidare.

Utfordringar til deg

  1. Kva historier om deg sjølv ønskjer du å dele med andre?

  2. Er det nokon historier om deg sjølv som du ikkje vil dele med andre?

  3. Kva får du kunnskap om ved å lytte til historiene til andre?

  4. Korleis kan du nytte kunnskapen du får frå å lytte til historiene til andre?

  5. Kva kan du gjere for oppmuntre andre til å fortelje historia si?

Relatert innhald

Å vere empatisk tyder at ein har evna til å setje seg inn i opplevingane og reaksjonane til eit anna menneske.

Film om eit ungt menneske på snart 100 år. Ei dame som ikkje vil gå glipp av noko som er moro.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2021

Læringsressursar

Empati, respekt og toleranse