Rettleiing
I yrke innanfor helse- og oppvekstsektoren blir rettleiing nytta ofte. Eksempel på situasjonar der det blir rettleidd, kan vere:
- Ei dame kjem til apoteket og ber om rettleiing knytt til inkontinens.
- Ein far uroar seg for tennene til sonen sin og ber om rettleiing.
- Ein barne- og ungdomsarbeidar rettleier ungdommar om seksualitet.
- vere ein god lyttar
- vere god til å stille opne spørsmål
- vente med å gi råd
- gi den andre tid til refleksjon – tole stille
- vere interessert i det den andre seier
- vere oppteken av han som skal rettleiast
- vere open for ulike løysingar
- tru at den andre best kan finne svara sine
- gi råd dersom det er nødvendig for å kome vidare
Som fagarbeidar vil du ofte vere den som rettleier andre, men du vil også ha behov for å få rettleiing. Når kollegaer rettleier kvarandre, blir det kalla kollegarettleiing. Det å be om og ta imot rettleiing er ein del av det å vere ein profesjonell yrkesutøvar.
Rådgiving og rettleiing er to forskjellige ting, sjølv om dei av og til kan gli over i kvarandre. Ein rådgivar føreslår løysingar på problem, medan ein rettleiar stiller spørsmål til han som eig problemet. Spørsmåla blir stilte på ein slik måte at dei skaper refleksjon og kan hjelpe han som eig problemet, til å finne moglege løysingar.
I rettleiinga er målet at han som blir rettleidd, skal lære, endre åtferd eller finne løysingar sjølv. Å få rettleiing krev derfor at du er aktiv og engasjert.Rettleiing fungerer best dersom ho er frivillig og han som treng rettleiing, sjølv ser eit behov for dette.
God planlegging og førebuing hos begge partar gir best resultat av ei rettleiing, men som fagarbeidar vil du også måtte rettleie utan å ha tid til å førebu deg. Da er det viktig at du har trena på rettleiingsteknikk tidlegare.
- Syt for å ha god tid.
- Ha eit eigna rom der de ikkje blir forstyrra.
- Tren på å stille gode spørsmål, som for eksempel: Kva tenkjer du om det? Korleis blir det? Har du nokon andre idear?
- Syt for å ha fagleg kompetanse på det området du skal drive rettleiing på.
- Be den som blir rettleidd, om å definere problemet sitt.
Å vere mottakeleg for rettleiing er nødvendig for ein profesjonell yrkesutøvar. Rettleiing vil hjelpe henne til å utvikle seg og finne løysingar.
- Be om rettleiing når du kjenner behov for det.
- Forklar problemet så godt som mogleg.
- Førebu deg dersom det er mogleg.
- Bruk rettleiaren som ein samtalepartnar, ingen spørsmål eller idear er for dumme.
Oppgåver
- Kva er rettleiing?
- Når kan rettleiing brukast?
- Kvifor er det viktig at du kan å ta imot rettleiing?
- Kvifor er det viktig at du bruker åra i skulen til å trene på å gi og ta imot rettleiing?
- Kva er eit ope spørsmål?
- Kva er skilnaden mellom rådgiving og rettleiing? Bruk eksempel til å forklare.