Hopp til innhald
Oppgåve

Kommunikasjonsferdigheiter

Kommunikasjonsferdigheiter handlar om korleis du bruker kunnskapane og kompetansen din om kommunikasjon i møte med andre.

Kommunikasjon på arbeidsplassen

  1. Kva er viktige ferdigheiter når du skal kommunisere med

    • brukarar av helse- og oppveksttenester

    • kollegaer på arbeidsplassen

    • pårørande eller føresette

  2. Kvifor er det viktig å tilpasse kommunikasjonen til alderen, kulturen og livssituasjonen til andre menneske?

  3. Korleis kan manglande kommunikasjonsferdigheiter føre til usemje og konflikt på arbeidsplassen? Bruk døme til å forklare.

  4. Lag ein plakat med tips for god kommunikasjon på jobb.

  5. Dersom de har ein plakat i klasserommet med råd for godt klassemiljø, kan du samanlikne plakaten du laga i oppgåve 4, med denne. Kva likskapar og forskjellar finn du?

  6. Reflekter individuelt og saman med ein eller fleire medelevar over samanhengen mellom kommunikasjonsferdigheiter og miljø i klassen eller på arbeidsplassen.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Observasjon og kommunikasjon

Kva inneber det at du som fagarbeidar i helse- eller oppveksttenestene skal bruke observasjons- og kommunikasjonsferdigheiter i arbeidet?

Oppgåver og aktivitetar
Kva er god kommunikasjon?

Korleis kan vi saman få til betre kommunikasjon? Ein fagperson gir nokre gode råd.