Hopp til innhald

Fagstoff

Aktiv lytting og respekt for kvarandre

Når du er merksam, kan du òg lytte. For deg som fagarbeidar er det å kunne lytte til det brukaren seier, ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb. Målsetjinga med å lytte er å forstå.
Helsefagarbeidar og eldre pasient i hyggeleg samvær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Respekt kan du vise ved å vise interesse for det den andre har å seie, ved å spørje for å få meir utdjupande informasjon og ved å stadfeste overfor den andre at du synest det ho har å seie, er viktig. Du bør unngå å avbryte, men vise at du lyttar ved å nikke, ha blikkontakt og spørje om ting som bringar samtalen vidare.

Det er fleire måtar å lytte på

  • Å «lytte» til kroppsspråket – sjå, leggje merke til og tolke andletsuttrykk, blikk, stemmebruk, tonefall, augekontakt, kroppsrørsler, gestar og avstandar mellom personar.
  • Å lytte til orda – vise at du er oppteken av kva den andre har å fortelje deg, stille spørsmål, stadfeste det du har høyrt/forstått, osv.

Det er like viktig å lytte til kroppsspråket som til orda. Til dømes kan du ved å observere kroppsspråket til ei eldre dame sjå at ho har smerter sjølv om ho ikkje fortel det. Du kan sjå at ein kunde som kjem inn på apoteket, er rusa utan at han seier noko.

Uro som hindrar lyttinga

Uro som hindrar lyttinga, kan føre til at vi ikkje får med oss det som blir formidla. Slik uro kallast ofte støy i kommunikasjonsprosessen. Under finn du døme på uro som kan hindre god lytting i kommunikasjonen:

  • Ein annan person snakkar til deg medan du prøver å høyre kva som blir sagt.
  • Du hengjer deg opp i at personen ikkje snakkar reint, han klarer ikkje å seie r.
  • Barnet som sit på fanget ditt for å få trøyst og for å forklare kvifor det er lei seg, luktar vondt. Du har mistanke om at foreldra ikkje gidd å vaske kleda til barnet.
  • Du kommuniserer med ein med CP, men blir uroa av dei ukontrollerte rørslene (spasmane).


Utfordringar til deg:

  1. Kva er aktiv lytting?
  2. Korleis kan du merke om den du pratar til, lyttar eller ikkje?
  3. Korleis kan du vise at du lyttar?
  4. Korleis kjennest det når du merkar at ein annan ikkje er interessert i det du seier?
CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon