Observasjon
Som fagarbeidar er det viktig at du bruker sansane dine og observerer brukarane du møter, slik at tenestene kan tilpassast behova til den enkelte best mogleg. Observasjonane kan gjelde saker som generell helsetilstand og funksjonsnivå, eller det kan vere meir konkrete område som språkutvikling hos barn i barnehagen, eller eit sår som skal gro hos ein eldre pasient.
Når du dokumenterer observasjonane dine for å rapportere vidare til kollegaer og samarbeidspartnarar, må du passe på at det er objektive funn som blir dokumenterte. Det kan vere nøyaktige funn frå måling av feber eller blodtrykk eller ting du har sett, høyrt eller lukta i møte med brukaren.
Subjektive observasjonar er når du tolkar det du har observert, og legg til oppfatninga di av situasjonen, i staden for å berre vidareformidle det du har opplevd. Det kan føre til at viktige opplysingar forsvinn eller blir feiltolka, noko som igjen kan påverke kvaliteten på tenestetilbodet til brukaren. Subjektive observasjonar er òg vanskelege å tolke for andre, for kva betyr det eigentleg i ernæringssamanheng viss nokon seier at "Brukaren har ete godt til frukost"?
Utfordringar til deg
Diskuter med ein medelev.
- Kva er forskjellen på "å observere" og "å sjå"?
- Kvifor er det viktig at du som fagarbeidar observerer i møte med brukarar?
- Korleis kan du unngå å leggje til di eiga tolking og oppfatning av situasjonen når du skal dokumentere observasjonane dine?