Observasjon og kommunikasjon
Observasjonsferdigheiter betyr at du bruker kunnskapane dine om observasjon i arbeidet ditt.
Bruk dokumentasjonsverktøyet til å lage døme på viktige observasjonar som blir gjorde i arbeidet i kvart av dei elleve yrka innan helse- og oppvekstfag. Grunngi kvifor det er viktig å gjere desse observasjonane.
Kvifor er det like viktig å legge merke til mangel på endringar som på endringar hos den du observerer?
Taus kunnskap er eit omgrep som ofte blir brukt om kunnskap det kan vere vanskeleg å formulere med ord, men som blir lært gjennom praktiske handlingar.
Jobb saman med ein eller fleire medelevar og søk på internett til å finne ut meir om taus kunnskap.
Lag dykkar eigen definisjon av omgrepet taus kunnskap.
Finn døme på kunnskap som de har, men som er vanskeleg å forklare teoretisk til andre.
Kva trur de er samanhengen mellom taus kunnskap og observasjons- og kommunikasjonsferdigheiter? Bruk døma dykkar frå oppgåva om observasjonsferdigheiter til å forklare.
Relatert innhald
Kommunikasjonsferdigheiter handlar om korleis du bruker kunnskapane og kompetanse din om kommunikasjon i møte med andre.
Du som skal jobbe i helse-og oppvekstsektoren, vil treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag.