Hopp til innhald

Fagstoff

Adams matkasse

I denne filmen fortel Adam og Lasse korleis dei bygde opp firmaet Adams matkasse, og korleis dei marknadsfører seg.

Oppgåver til filmen

Ei bedrift har fem verktøy ho kan nytte for å auke salet. Vi kallar dei for dei fem p-ane:

  • produkt

  • pris

  • påverknad

  • plass

  • personale

  1. Beskriv korleis Lasse og Adam har nytta dei fem verktøya for å byggje opp merkevara Adams Matkasse.

  2. Kvifor trur du Adams matkasse har vorte ein suksess?

  3. Kunne du sjølv tenkje deg å starte eit firma etter å ha sett denne filmen? Kvifor / kvifor ikkje?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Sal og marknadsføring