Film og filmklipp
Video og oppgåver om marknad og sal
Kunnskapsfilm har laga ein film om marknad og sal. I denne filmen vil du få sjå kva som gjer at kundane vel eitt produkt framfor eit anna. I filmen møter vi menneske frå ulike bransjar innanfor mat og marknadsføring.
Kva er det som påverkar oss til å velje eit bestemt produkt når vi handlar?
Kva for nokre eigenskapar bør ein ferskvarehandlar ha for å kunne yte god service?
Korleis kan ein ferskvarehandlar auke salet i ferskvareavdelinga?
Kva er det kundane ofte spør ein ferskvarehandlar om?
Kva er det som gjer at kundane blir nøgde og kjem tilbake?