Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukaråtferd og forbruksmønster

Analyse og innsikt i forbrukaråtferd er ein viktig del av marknadsføring. Kva meiner vi eigentleg med forbrukaråtferd? Går vi mot ei meir berekraftig forbrukaråtferd?
Restaurantar på kaien i Stavanger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbrukaråtferd dreier seg om tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkt. Forbrukaråtferd blir òg ofte kalla kjøpsåtferd.

Tenk over

Kva trur du påverkar forbrukaråtferda di?

Forbrukaråtferd varierer frå forbrukar til forbrukar, og det er mange faktorar som kan påverke forbrukaråtferd. Til dømes kan verdiar, haldningar, personlegdom, interesser, kulturell bakgrunn, økonomi, familie og vener påverke forbrukaråtferd.

Ein person som til dømes er oppteken av berekraftig utvikling, vil kanskje velje eit kosthald basert på mindre kjøt- og meieriprodukt på grunn av verdiane og haldningane sine.

Ein viktig del av marknadsføring handlar om å forstå og dekkje behov. Innsikt i motivasjonen og behova til forbrukarane og i andre faktorar som kan påverke forbrukaråtferd, er viktig i marknadsføringssamanheng. Denne innsikta gir betre føresetnader for å kunne tilfredsstille dei behova og ønska forbrukaren har, og for å velje kva slags verkemiddel ein skal bruke i marknadsføringa.

Tenk over

Du har kanskje høyrt dette uttrykket: "Sei meg kva du handlar, og eg skal seie deg kven du er." Trur du at til dømes kva slags forbrukaråtferd du har når det gjeld matvanar, kan seie noko om deg som person?

Vi blir påverka

Vi kjøper alle ting innimellom som vi strengt teke ikkje treng. Kva faktorar trur du kan påverke kjøpsavgjerda vår i slike tilfelle?

Vi forbrukarar kan mellom anna bli påverka ubevisst av lydar, lukter, fargar, lys og visuelle former. Vala våre kan ofte vere baserte på impulsar, kjensler og vanar, og vi har vel alle, bevisst eller ubevisst, blitt påverka av reklame.

Tenk over

Kva trur du kjenneteiknar reklamar som du blir påverka av?

Mot ei meir berekraftig forbrukaråtferd?

Mange forbrukarar ønskjer å leggje om forbruket i ei meir berekraftig retning. Det er ei viktig marknadsføringsoppgåve å utvikle og vise vegen til nye, betre og meir berekraftige løysingar. Eit døme er at fleire forbrukarar ønskjer alternativ til kjøtprodukt. Det blir derfor stadig fleire vegetarprodukt å velje mellom i butikken.

Ein pakke med vegetarpølser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange forbrukarar tenkjer kanskje på kva dei kan gjere for å bidra til ei meir berekraftig utvikling. I NRK-episoden frå serien URO, som du kan sjå nedanfor, bekymrar Leo Ajkic seg for sitt eige forbruk knytt til klima. Han får eit råd om at han kan endre litt i forbruket sitt, knytt til ein enkel hugseregel med følgjande fire b-ar:

  • biff (kjøt)

  • bustad (hus, leilegheit)

  • bilen (transportmiddel)

  • billetten/Boeingen (flybilletten)

Leo Ajkic er glad i raudt kjøt, men han ønskjer å leggje om kjøtforbruket i ei meir berekraftig retning. Han ber om hjelp frå Gunnhild Stordalen. Sjå frå 29:00 i episoden frå NRK-serien nedanfor.

Relatert innhald

Kjelde

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/9vre8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Sal og marknadsføring