Marknadsføring
Mange vil nok assosiere ordet marknadsføring med reklame i aviser, på tv og internett. Men marknadsføring er mykje meir enn det. Marknadsføring handlar om å forstå kva behov kundane har, og tilby tenester og produkt som skil seg ut frå konkurrerande tilbod, på ein eller annan måte.
Marknadsføring handlar om å nytte verkemiddel som fører til kjøp og skapar nøgde kundar som gjer gjenkjøp. Ei bedrift har fem verktøy som kan nyttast for å auke salet. Vi kallar dei dei fem p-ane.
- Produkt
- Pris
- Påverknad
- Plass
- Personale
Kombinasjonen, eller miksen, av korleis bedrifta nyttar desse p-ane, kan gi deg dei konkurransefortrinna du treng for å vinne i marknaden. Vi snakkar altså om bedrifta sin marknadsmiks. Her ser vi litt nærare på kvar av dei fem p-ane:
Produkt
Her handlar det om å velje dei rette produkta for kundane dine. Det hjelper ikkje å ha eit fantastisk produkt dersom ingen vil ha det. Bedrifter arbeider stadig med produktutvikling og er svært nøye når dei vurderer nye produktidéar. Svært få av dei idéane ei bedrift kjem opp med, blir faktisk produserte og lanserte på marknaden. Nye produktidéar blir testa og analyserte før dei eventuelt blir sleppte ut på marknaden.
Stikkord: kvalitet, smak, utsjånad, omtale, vanar, trendar, emballasjeløysing, service
Pris
Prisen er viktig for om kundane vil kjøpe produkta dine. Er billeg alltid best? Nei, iallfall ikkje om du ønskjer å selje kvalitetsprodukt. For å setje rett pris må du ta omsyn til kva marknaden er villig til å betale for produktet ditt.
Stikkord: prisnivå, rabattar, forteneste, betalingsvilkår
Plass
Kvar varene blir selde, er sjølvsagt også viktig. Får kundane tak i varene dine? Her er det mange omsyn å ta. Kor mange produkt skal eg ha? Skal eg opne ein eigen serveringsstad, eller skal eg få varene mine inn i serveringsstadene til andre slik at dei kan selje for meg?
Stikkord: vareutval, lager, transport, lokale, geografisk plassering
Påverknad
Det hjelper ikkje å ha gode produkt med rett pris til sals i ein fin restaurant dersom ingen veit om deg. Du må nytte påverknad for å gjere kundane merksame på produktet ditt. Påverknad er det vi kallar reklame og kommunikasjon – vi ønskjer å påverke folk til å kjøpe produkta våre.
Stikkord: annonsering, seljarar, reklame, kampanjar, salsfremmande tiltak
Personale
Over halvparten av alle produkta som blir selde i Noreg, er tenester. Det er menneske som utfører desse tenestene. Vi kan seie at menneska er ein del av tenesta, og derfor er det viktig å tilsetje dei rette menneska.
Stikkord: serviceinnstilling, kunnskap om vara, fagleg innsikt, positivitet, lojalitet